Hopp til innhold

No skal ulukker med vogntog granskast

Statens havarikommisjon vil granske ulukker der vogntog sklir på vinterføret.

Vogntog Evanger E16

DRAMATISK: Video frå Martin Remy Loddens lastebils frontkamera, i 80-sonen på E16 mellom Bergen og Voss førre veke.

Det kunne gått gale. Like etter at vogntoget i videoen fekk sleng, passerte to personbilar.

Hendinga blei fanga på video i førre veke ved Evanger på trafikkerte E16. Heldigvis fekk sjåføren retta opp hengaren i tide.

Ulukker og køyreforbod

I vinter har det vore fleire ulukker med vogntog. Mange vogntog har òg vorte stoppa grunna dårlege dekk. Her er nokre av sakene NRK har omtala:

Statens havarikommisjon vil no undersøke korleis ein kan gjere vogntogtrafikken tryggare.

– Det har vore fleire ulukker der vogntog har mista kontroll i vinter og tidlegare år. Frustrasjon og diskusjon rundt ulukkene er nokre av årsakene til at me vil sjå på dette, fortel Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon for transport.

Tidlegare har dei gjort liknande undersøkingar med fokus på det som har skjedd i ulukka, ofte med krevjande køyreforhold og føre. No vil dei sjå på ein annan del av systemet: dei som tingar transporten.

– Me vil undersøke heile transportkjeda for å sjå om det er mogleg å gjera noko for å betra tryggleiken, også frå dei som legg til rette for eller tingar transporten, seier Mellum.

Både norske og utanlandske selskap

Mellum fortel at ulukker med vogntog har gått ned dei siste åra, men at omfanget på desse ulukkene gjer at det er viktig å stadig sjå etter betringar for tryggleiken.

Denne vinteren er kommisjonen blitt varsla om fleire vegtrafikkulukker der vogntogførarar har mista kontrollen under krevjande køyreforhold. Utanlandske vogntog har vore involvert i fleire av ulukkene.

Vogntog sakset og kolliderte med en personbil på E10

OVERLEVDE: Tre personar overlevde kollisjonen med dette vogntoget i Nordland 15. februar.

Foto: POLITIET

– Me vil i denne undersøkinga sjå på ulukker der vogntoga har mista kontroll. Målet er å kunne sjå nærare på dei som tingar transport og dei som transporterer, både med norsk og utanlandsk registrering, sidan begge delar er representert i ulukkene, fortel Mellum.

Dei vil mellom anna avdekka om konkurransen på pris mellom transportselskapa fører til at for mange vogntog køyrer med for dårlege dekk og utstyr, og om det er andre vilkår som arbeidstilhøve som kan endrast for å trygga vegane.

LES MEIR: Kun tre prosent av alle vogntog blir kontrollert