NRK Meny
Normal

No skal skinn og bein bli menneskemat

Det som i dag er avfall frå fiskeindustrien, kan bli ein ny, stor norsk industri.

SJÅ REPORTASJEN: – Dette kan bli ei svært stor næring for Norge. Vi snakkar om tusenvis av arbeidsplassar.

Biomega på Sotra jobbar saman med Universitetet i Bergen for å gjere fiskebein og fiskehovud om til menneskemat.

I dag er det ein million tonn av fisken frå norsk sjømatindustri som ikkje blir brukt til mat til folk. Det meiner somme er ressurssløsing.

– Det er så mykje gode protein i dette restråstoffet. Det må vi kunne utnytte til menneskemat, seier dagleg leiar i Biomega, Jan Arne Vevatne.

– Tusenvis av arbeidsplassar

Selskapets gründer Harald Hagen meiner potensialet er stort.

– 40 prosent av oppdrettslaksen blir restprodukt. Det betyr at dette kan bli ei svært stor næring for Norge. Vi snakkar om tusenvis av arbeidsplassar, seier han.

F.v. dagleg leiar Jan Arne Vevatne i Biomega, gründer Harald Hagen og forskar Runar Stokke

STÅR BAK PROSJEKTET: F.v. dagleg leiar Jan Arne Vevatne i Biomega, gründer Harald Hagen og forskar Runar Stokke frå Universitetet i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Enzymer frå djupet

Men det er ein lang veg frå skinn og bein til mat. I fabrikken på Sotra blir fiskesloet brote ned til små delar ved hjelp av enzymer med heilt spesielle eigenskapar.

– Produksjonen skjer ved svært høge temperaturar og det er viktig at produktet kan motstå dette, seier forskar ved Senter for geobiologi ved Universitetet i Bergen, Runar Stokke.

Mikroorganismane er henta frå dei varme kjeldene i djupet mellom Bjørnøya og Jan Mayen.

Biomega

BLIR MALT OPP: Slik ser farsen ut før den ender opp som olje og pulver.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Olje og proteinpulver

Olje og proteinpulver er sluttresultatet av produksjonen hos Biomega. Etter lang tids prøving, smaker no det som før var avfall såpass at det kan brukast i brød, sportsdrikk- og fiskesuppe.

– Det er proteinunderskot i verda. Ein jaktar hele tida etter nye proteinkjelder. Samstundes er det store mengder fiskeprotein som går til spille, seier dagleg leiar i Biomega, Jan Arne Vevatne.

Suppe laget av fiskeprotein

Suppe laga av fiskeprotein.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås