Hopp til innhold

Trur villrein skyr menneskelukt – no skal alle som går på vidda teljast

HARDANGERVIDDA (NRK): Forskarar skal finna ut om lukta frå fotturistar skremmer vekk villreinen i Noregs største nasjonalpark.

I sommer skal løpet Xreid arrangeres i nasjonalparken på Hardangervidda

TELJEAKSJON: Målet er å finna ut kor mange som faktisk legg av garde over dei populære viddene.

Foto: Kai-Otto Melau

– Folk skal ikkje finna han. Det er litt av poenget.

Mellom Sandhaug og Rauhelleren på Hardangervidda blir eit teljeapparat gøymd under ein varde ved turiststien.

John Gunnar Dokk i Norsk institutt for naturforsking (NINA) skrur til den 26. av totalt 80 ferdselsteljarar. Dei vert i desse dagar sett ut for å registrera fotturistar i Nordens største nasjonalpark.

Skyr villreinen menneskestiar?

Forskarane har mangla kunnskap om kor vidt fotturismen påverkar villreinen, men dette håpar ein no å få svar på. No skal målingar visa heilt konkret kor mange, kor ofte og til kva tidspunkt turgåarar passerer dei 80 teljepunkta i nasjonalparken.

– Når det er snakk om 30–40 menneskepasseringar i døgeret, begynner det å bli følsamt. Då er det så mykje menneskelukt, at villreinen tek til å reagera, seier Lars Inge Enerstvedt i Statens naturoppsyn.

John Gunnar Dokk og Lars Inge Enerstvedt

SAMLAR DATA: John Gunnar Dokk i NINA og Lars Inge Enerstvedt i Statens naturoppsyn skal samla inn data frå Europas største høgfjellsplatå.

Foto: Tale Hauso / NRK

Hardangervidda villreinutval har tatt initiativet til det treårige forskingsprosjektet, som blir utført av NINA. På strekningane der menneske passerer over 40 gongar i døgeret, kan det bli aktuelt å gjera noko med turismen.

– Me har mange radiomerka dyr, så då vil me sjå om reinen skyr områda der det er mykje folk. Det vil òg gi oss eit bilete av kor villreinen si «smertegrensa» går.

Set ut kassar med spørjeskjema

I tillegg til teljarane, har forskarane sett ut kassar med spørjeskjema på sentrale knutepunkt i nasjonalparken. Auka kunnskap om bruken av alle innfallsportar og sentrale stiar på vidda skal nemleg betra tilhøva for folk i fjellet.

– Me håpar å kunna leggja betre til rette for turistane som brukar nasjonalparken, seier Sofie Selvåg i NINA.

Med kunnskap om turgåarane sin nasjonalitet, mål for turen og korleis dei nyttar terrenget, skal det leggast betre til rette for fjellturistane. I dag finst det inga oversikt over bruken av den populære vidda.

Villrein

VILLREIN: Ein flokk villrein fotografert på Hardangervidda i august 2014.

Foto: Hans Jørgen Jahren

– På høg tid med oversikt

Det er på høg tid, meiner styraren ved Sandhaug turisthytte.

– Det er viktig å vita kor mange som er i fjellet om sommaren. Mange er interesserte i tala, både i samband med reinsdyr og turisme, seier Jan Tyssebotn.

Naturoppsynsmannen trur prosjektet vil gagna både villreinen og dei som måtte besøka nasjonalparken.

– Det er første gongen ein får inn slike data i det omfanget ein får no.