No må du sende pakkane viss dei skal kome fram til jul

MINDE (NRK): Har du julegåver som skal med posten? Då har du dårleg tid. På postterminalen jobbar dei no døgnet rundt.

Jakob Vedvik Mildestveit ved Postens terminal på Minde i Bergen

NYE VIKARAR: For dei tilsette ved Postens terminal på Minde betyr førjulstida mange nye andlet på jobb. – Det er mange nye vikarar, seier Jakob Vedvik Mildestveit.

Foto: Silje Thalberg / NRK

– Desse vekene er det supertravelt. Vi har alle mann på dekk og pakkebandet og brevsorterarane går for fullt, seier pressesjef i Posten Noreg, John Eckhoff.

Sjølv om privatpersonar sender mindre post enn før, er jula eit unntak. I tillegg til at mange bestiller gåver på nett, er framleis julekort populært.

Rundt ti millionar slike julehelsingar reknar posten med at vi vil sende i år.

John Eckhoff

SISTE FRIST: Med ekspresslevering kan brev og pakker nå fram til mottakar sjølv om du ikkje rekker fristen 16. desember. Då kan ein vente heilt til 21. desember, ifølgje pressesjef i Posten, John Eckhoff.

Foto: Posten Norge

Snart siste frist

Difor er det lurt å halde Postens fristar om ein skal sende pakker og brev som må nå fram før 24. desember. Denne veka er det siste sjanse, om ein ikkje vil betale for ekspresslevering.

– Jo før, jo heller. Men sender du før 16. desember, rekk du jula, garanterer Eckhoff.

Dette er sendefristane til Posten:

  • Brev og små pakker: 16. desember
  • Pakker: 16. desember
  • Ekspress-levering: 21. desember

Om du sender ei pakke før 16. desember, skal det ta 3-5 dagar før den er framme. Vanleg brevpost skal bruke to dagar, men det kan ta lengre tid når det står på som verst før jul, seier Eckhoff.

Hektisk på terminalane

På postterminalen på Minde i Bergen blir om lag 30.000 pakker sortert gjennom i løpet av ein desemberdag. Det er nesten ei fordobling samanlikna med resten av året.

– Vi brukar døgnet godt for å takle arbeidsmengda. Vi jobbar meir og har fleire på jobb for å takle mengda post som kjem inn, seier produksjonsleiar Petter Myrdal.

Posten reknar med at det er sendast rundt 50 millionar adresserte brevsendingar og godt over fire millionar pakker i førjulstida.

Petter Myrdal - logistikk, Bring

450.000: I desember 2017 var det 450.000 brev og pakker gjennom postterminalen på Minde i Bergen, opplyser produksjonsleiar Petter Myrdal.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Black Friday var testen

Postkontora nær drukna i pakker etter tilbodsdagane i november. Pressesjef John Eckhoff trur likevel ikkje innspurten før jul blir mindre travel av den grunn.

– Mykje av julehandelen har forskyve seg til november med Black Friday og andre tilbodsdagar, men framleis er det veldig hektisk også opp mot siste veke før jul.

Det er framleis mange som ventar på julegåver dei har kjøpt på nett. Eckhoff er difor ikkje sikker på at juleposten blir slått av Black Friday i omfang i år.

– Erfaringsmessig er det veldig mykje post og pakker siste veka før jul. Men kor mykje det blir, veit vi ikkje enno, seier Eckhoff, og kjem med følgjande tilråding til dei som skal sende pakker:

– Vårt klare råd er: Berre få dei av garde, så skal vi gjere vårt for å få pakkene fram.