Hopp til innhold

No låser butikkane opp handlevognene

BERGEN (NRK): Irriterte kundar utan kontantar har fått butikkane til å snu.

Handlevogner som er låste

MYNT-MANGEL: Etter nesten tjue år er det fleire og fleire butikkar som no går vekk frå å låse handlevognene–fordi kundar ikkje har mynt på seg lenger.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Nei, eg har aldri mynt på meg. Det blir som regel heller ei overfylt korg enn ei handlevogn, seier Terje Bratteteig på veg inn i Meny Sletten i Bergen.

Det er snart gått tjue år sidan «handlevogn-nøkkel» vart innført i dei fleste daglegvarebutikkane i landet.

Men no er dei på full fart vekk frå dei aller fleste av dei store butikkjedene.

– Ingen har småpengar lenger, og me vil gjera det enkelt for kundane våre, fortel Gjertrud Botnen Aalmo, varehussjef på Obs Horisont i Bergen.

Sidan desember har dei tatt vekk låsen på så godt som alle vognene.

Gjertrud Botnen Aalmo

PROBLEMFRITT: Varehussjef Gjertrud Botnen Aalmo innførte låsefrie handlevogner på Obs Horisont i Bergen før jul.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK

Irriterte kundar

NRK har kontakta dei store daglegvarekjedene nasjonalt, der tilbakemeldinga er den same: Dei fleste butikkane har no valt å slutte med myntlåsing.

Både hos Rema 1000, Coop og Spar er låste vogner for det meste historie.

– Mange kundar opplever det som irriterande at dei må låsa opp for å få med seg ei vogn. No går jo nesten ingen av oss med myntar i lomma heller, så difor har me droppa det, seier Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop Noreg.

– Mindre og mindre vanleg

Nokre stader er det likevel kjøpesenter-reglar eller omsyn til bilar på parkeringsplassar som gjer at ein endå har låste handlevogner, slik at dei ikkje skal blåsa i bilane til dømes.

– For Spar sin del er det nok berre fem-ti prosent av butikkane som har myntlås på handlevognene sine og mange av desse er låst opp slik at myntlåssystemet ikkje er i bruk. Det er med andre ord svært få butikkar som nyttar dette i dag, fortel Hanne Evensen, informasjonsrådgivar i Norgesgruppen.

– Me er opptekne av å gjera det enkelt for kundane å handla. Me unngår difor mynt i handlevogn der det er mogleg, seier Frederik Jahr, kommunikasjonssjef i Rema 1000.

Travelt for dei vognansvarlege på Horisont

TRAVELT: For dei handlevogn-ansvarlege på Horisont i Bergen er det blitt litt meir arbeid etter at Coop slutta å låse handlevognene.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Kan skape forvirring

Men opne vogner har også skapt litt forvirring, fortel Aalmo på Obs Horisont i Åsane.

– Folk er litt forvirra når dei ikkje forstår at me har opna vognene, men når dei forstår det, blir dei veldig glade, seier ho.

– Eg skjøna ingenting då tiaren ikkje passa, men eg synst det er heilt topp at dei er låst opp, fortel kunde Lisbeth Kramer Storhaug.

Og ho er ikkje åleine. Av kundane me snakka med, var det berre glede over den nye endringa.

– Det er herleg! Rett og slett flott. No håpar eg alle er flinke til å setja vognene på plass slik at det kan fortsetja å vera slik, seier Jorunn Mæle.