No kjem vårvarmen: – Kall det gjerne ein sommardag i april

Varmen vender tilbake til Sør-Noreg. Simon Valland bestilte 2000 liter øl då han såg vêrmeldinga.

Kippers Verftet

UTEPILS: Ved restauranten Kippers på Verftet i Bergen er det plass til 120 gjester ved uteserveringa om sommaren. No klargjer leiinga for storinnrykk mot helga.

Foto: THOR BRODRESKIFT

Torsdagen startar med snøvêr og kuldegrader i nord, og regn lengst i sør. Men utover dagen og inn mot helga skal det bli både tørrare – og varmare.

– Vestlandet får det spesielt fint, med temperaturar opp mot 18 grader, seier Marit Berger, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Det skjer med litt ujamne mellomrom at ein får slike temperaturar på denne tida av året. Denne gongen får ein ekstra hjelp av føneffekten.

Laster Twitter-innhold

Bestilte 2000 liter øl

I Bergen er utestadene brått blitt nøydde til å førebu seg på utepils-sesongen.

– Eg sat på flyplassen i Amsterdam då eg såg vêrmeldinga, og tenkte umiddelbart at eg berre måtte koma meg på jobb, seier Simon Valland, dagleg leiar på restauranten Kippers på USF Verftet, til NRK.

Simon Valland, dagleg leiar Kippers Verftet

ØL: Simon Valland, dagleg leiar ved restauranten Kippers, bestilte 2000 liter ekstra med øl då han såg vêrvarselet. – Eg trur og rosévin kan bli populært.

Foto: Privat

Kjøkkenet har bestilt ekstra varer og vinleverandøren har fått beskjed om å ta ein ekstra tur innom. I tillegg har Valland bestilt 2000 ekstra liter øl, seier han til

Bergensavisen (bak betalingsmur).

No må Valland sjonglera med tilsette for å sikra at han har nok folk til det venta storinnrykket.

– Det er alltid vanskeleg å spå, men me kan få 5-600 gjester på ein dag. Det kan bli ein god start på forsommaren.

– Shorts-vêr

Eit høgtrykk over Nord-Noreg og eit lågtrykk sør for Storbritannia fører austavind innover Sør-Noreg, over fjella og ned i dalane på Vestlandet.

Fredag og laurdag held finvêret fram, sjølv om temperaturen fell nokre grader.

Også Austlandet får eit gjensyn med varmen. Torsdag er det meldt opp mot fjorten varmegrader i Oslo, men allereie fredagen varslar meteorologane godt under ti grader.

Vårvarmen strekk seg inn i helga, men prognosane er usikre, ifølge meteorologen. Austlandet får gjensyn med kuldegradene over helga.

– Det er uvisst kva som skjer når me kjem inn i helga, så det er morgondagen som ser aller best ut. Kall det gjerne ein sommardag i april, seier Berger, som oppmodar folk om å nyta varmen.

– Viss det blir 18 grader i vest kan det absolutt bli shorts-vêr.

Laster Twitter-innhold

– Skarpt skilje

Troms og Finnmark vil få minusgrader eller temperaturar rundt null dei komande dagane, men langs kysten i Nordland kan temperaturane ligga på plussida. Laurdag kan det bli enkelte byger, men lengst nord får ein stort sett opphald.

– Det blir eit skarpt skilje mellom nord og sør torsdag, seier meteorologen.

Trøndelag får dei høgaste temperaturane onsdag med pent vêr og over ti varmegrader, før temperaturen blir halvert mot helga. Til gjengjeld er det meldt tørt vêr så langt ein kan sjå.

På Sunnmøre er det meldt opp mot fjorten grader ved inngangen til helga. Laurdag er det meldt strålande sol.