Hopp til innhold

No kjem hauststormen til Vestlandet

Allereie i kveld bles det opp til storm. Resten av veka blir sørgeleg grå.

Høststorm på veg

FINVÊRET OVER: Eit meir 'normalt' haustvêr tek i kveld over styringa på Vestlandet. Resten av veka blir det grått og vått.

Foto: Meteorologene på Twitter

Den til no fine hausten vil vera over i 21-tida i kveld. Då tek lågtrykket over og den første hauststormen bles innover Vestlandet.

I løpet av søndagskvelden vil det blåse opp til liten storm.

– Vi har varsla liten storm på utsette plassar, så det gjeld både i fjellet og på kysten. I 23-tida vil det blåse full storm på kysten, seier vakthavande meteorolog Anders Sivle ved Vervarslinga på Vestlandet til NRK.

Han seier stormen vil bli kortvarig på kysten, men at den vil vare til i morgon ettermiddag på fjellet.

40–60 mm nedbør

Vinden vil ved midnatt dreie sørvest og minke til kuling, noko Sivle meiner ein vil merke innover i landet.

Meteorologisk institutt har gått ut med OBS-varsel for Vestlandet sør for Stad, samt Agder, Telemark og Buskerud:

Søndag kveld og måndag lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane grunna sterk vind og snø. Utsatte stader i fjellet kan vinden koma opp i sørleg liten storm.

I tillegg til vind blir det mykje nedbør i dagane framover.

– Det blir lokalt mykje nedbør. Enkelte stader kan det kome mellom 40–60 mm nedbør fram til midnatt måndag. Nedbøren har komme innover Rogaland allereie og vi ser at den nærmar seg Hordaland, forklarar Sivle.

Over 900–1000 meter vil nedbøren falle som snø, og med stormen i tillegg kan ein venta seg vanskelege køyreforhold i fjellet.

Regnvær i Bergen

GRÅTT: Folk må førebu seg på ei vindfull veka med mykje nedbør i Hordaland. Skal ein sjå positivt på det blir det i alle fall nok med sølepyttar å herja i.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Grått heile veka

Han avlyser den fine hausten og seier folk må førebu seg på ei skikkeleg grå veke på Vestlandet.

– Det er ingen betring i sikte. Eigentleg ser det ut til at heile veka blir vindfull med mykje regn. Temperaturane vil vera milde og ligga rundt 10 grader, avsluttar Sivle.

Anders Sivle

Vakthavande meteorolog Anders Sivle melder gråvêr til veka.

Foto: Marit Hommedal