Hopp til innhold

No kjem hausten til Vestlandet

Varme dagar med strålande sol på Vestlandet ser ut til å vera forbi. No kjem hausten for fullt, seier meteorologen.

Regnvær

LITE SOL I VENTE: I helga fekk Vestlandet sin første regnvêrsdag i september. No er hausten komen for fullt, ifølgje meteorolgen.

Foto: Lise Åserund / Scanpix

I dag har Vestlandet fått sin første skikkeleg regnvêrsdag i september. Ein må tilbake til 3. august for like mykje nedbør i Bergen som det har vore i dag.

– I Bergen er det kome 21,7 millimeter med regn i dag. Det er jo ein skikkeleg regnversdag, men likevel ikkje mykje til å vere Bergen. Men me merkar det jo sjølvsagt med tanke på det nydelege vêret me har hatt i det siste, seier meteorolog Anne Mette Olsen.

– Slutt på godvéret

regn

VÅTT: Slik såg det ut i Skostredet i Bergen sentrum i dag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Og regnvêret på Vestlandet vil halda fram ifølgje meteorologen. Sundag kjem det kald vind og det vil bli opp til stiv kuling på kysten.

– På måndag ser det ut til å bli bra vêr. Då blir det sol, og delvis skyar fleire stader i Hordaland.

Men frå tysdag og utover i veka vil det kome frontar frå vest, og det blir det periodar med regn, seier meteorologen.

Fallande temperaturar

Dei siste døgna har det blitt betydeleg kaldare på Vestlandet. Den komande veka vil temperaturen ligge på 15 grader pluss på det varmaste.

– Nattetemperaturen vil bli veldig låg. Særs natt til måndag, då kan folk venta seg nattefrost. I alle fall i indre strok, seier Olsen.

– Det er nok eit typisk haustvêr med kan venta oss framover.