Hopp til innhold

No kan svaksynte Salum (25) bli verdsmeister

DUBAI/BERGEN (NRK): Måndag knuste Salum Kashafali alle i sitt semifinaleheat. No håpar bergensaren å ta gull i sin aller første VM-finale.

Salum Ageze Kashafa

KLAR FOR VM-FINALE: Salum Kashafali spring til dagleg for Norna-Salhus. Tysdag kan han hente VM-gull heim til Salhus, nord i Bergen.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Med imponerande 10,49 i semien under para-VM i Dubai, trur både 25-åringen frå Salhus og trenar Jan Hordvik at det kan bli både gull og ny rekord i finalen tysdag ettermiddag.

– Det kjennest heilt fantastisk å vere i ein VM-finale. Om eg kjem rett ut frå blokka i finalen, skal det mykje til for at dei andre skal klare å ta meg igjen, seier Kashafali til NRK

– Han har mykje høgare topptempo enn dei andre. Eg håpar på personleg rekord og meir enn bronsemedalje, seier trener Jan Hordvik utan å blunke.

Sette verdsrekord på Bislett

Kashafali sin rekord, 10,46, er også gjeldande verdsrekord i bergensarens klasse, T12. Den sette han i juni under Bislett Games. Då klarte ikkje hovudpersonen sjølv å sjå si eiga tid på resultattavla.

For den superraske 25-åringen er fødd med augesjukdommen Stargadts, som gjer at han berre har fem prosent skarpt syn på augo. Til dagleg må han stole på sidesynet. Og synet blir verre for kvart år.

– Eg kan ikkje sjå ein gjenstand som er meir enn ein meter føre meg, eller ansiktet på folk. Av og til har eg stoppa ti meter føre mål fordi eg har trudd at målstreken var der, sa Kashafali til NRK i sumar.

Var usikker på para-satsing

Det er fyrste gong han er med i para-VM. Fram til i sommar deltok han berre i konkurransar med funksjonsfriske, men då bestemte han seg for også å bli parautøvar. Tanken har vore der lenge, men avgjerda sat langt inne.

– Eg var litt bekymra for om folk ville sjå annleis på meg om eg begynte med parakonkurransar. Men så fekk eg sjå videoar av dei raskaste parautøvarane i verda. Dei er kjappare enn dei fleste eg har sett i Noreg. Då var det ikkje noko å stusse på, seier Kashafali.

Heime i Salhus er det stor glede over suksessen og finaleplassen.

– Han er ein ekte Norna-gut og eit stort forbilde for barn og unge i klubben. Dette betyr mykje for oss alle, og vi er veldig stolte av han, seier dagleg leiar i Norna-Salhus, Tom Geir Jensen. Han lovar stor mottaking på Flesland onsdag om det skulle bli medalje.

– Skal berre kose meg

– Kva tenker du om finalen, Salum Kashafali?

– Det er no det gjeld. Det er eit privilegium å få vere med på noko så stort. Eg skal berre nyte det og kose meg.

Bergensaren innrømmer likevel at han kjenner på eit aldri så lite press.

– Folk går rundt her og fortel meg at eg må ta gull. Då kjem skuldrene litt opp. Men eg skal prøve å berre nyte det og kose meg, seier Kashafali.