Hopp til innhold

No kan heile verda oppleva norske fjell via Google

FLØYEN (NRK): Med eit 360-graders kamera på ryggen, skal speidarar over heile landet gjera den norske naturen tilgjengeleg for den store verdsveven.

Google Street View

PANORAMA: Med denne store sekken som blir kalla for «Trekkeren», skal speidarar over heile landet sørga for panoramautsikt over dei norske naturperlene.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Oslo, Stavanger, Kristiansand, Lillehammer, Trondheim og Bodø er byane som skal få besøk av kamerasekken til Google Street View. Bergen var i dag først ut.

Eit 360-graders kamerasystem med 15 kameralinser festa på ein ryggsekk, der alle linsene peikar kvar sin retning og tek bilete annakvart sekund, tek bilete av byfjella i Bergen.

Slik skal ein få høve til å oppleva panoramautsikt over norske naturperler med berre nokre tastetrykk – frå kvar som helst i verda.

– Google Street View er mykje brukt til urbane strøk rundt om i verda, og no skal me ta det ut i naturen for å visa fram våre beste turområde, seier Line Aas Mjøster, leiar for kommunikasjon og marknad i Norges speiderforbund.

Frå Mount Everest til Ulriken

Torsdag la speidarar i Bergen ut på tur frå Fløyen for å dokumentera den populære sjufjellsturen.

Google Street view

Speidarar frå Norges speiderforbund og KFUK-KFUM-speiderne var samla på Fløyen for å ta med seg den såkalla «Trekkeren» til Google Street View ut på tur.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Det blir litt tungt å bæra trekkaren over alle sju fjella på éin dag, men me startar med å gå innover mot Brushytten og mot Ulriken og ser kor langt me kjem i dag, seier Mjøster.

Den 18 kilo tunge kamerasekken er eitt av få eksemplar i Google. Han har tidlegare vore på Mount Everest, i Grand Canyon og på Galapagos. No kan snart heile verda oppleva ei interaktiv reise mellom anna til Ulriken, Fløyen og resten av byfjella i Bergen.

– Me byrjar i Bergen fordi det er så flott med desse sju fjella og fin, bynær natur, seier Katrine Stenerud Andersen, kommunikasjons- og marknadsføringskonsulent i KFUK-KFUM-speiderne.

Katrine Stenerud Andersen & Line Aas Mjøster

STOLT: Katrine Stenerud Andersen i KFUK-KFUM-speiderne og Line Aas Mjøster frå Norges speiderforbund er stolte over samarbeidsprosjektet.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Vil få fleire ut på tur

Speidarane får låna kamerasekken i ein månad, fordelt på dei nemnde byane. I tillegg til det som skal dokumenterast med denne, har også speidarar over heile Noreg fått låna mindre 360-graders kamera frå Google for å dokumentera nabolagsturane sine.

Det heile er eit samarbeidsprosjekt mellom speiderne og Google Norge kalla «Speiderstier». Målet er å få fleire ut på tur.

Google-kameraet

18 KILO: Helle Skjervold frå Google Norge forklarar korleis den 18 kilo tunge ryggsekken fungerer.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Speidarane kan jo mykje om norsk natur, og spesielt nærmiljøa våre. No vil me gjera slik at folk flest kan ta del i speidareventyra våre, seier Mjøster.

Dei dokumenterte turane blir i tillegg til Google Maps også samla på speiderne si eiga heimeside, tilgjengeleg for alle. Med dette håpar dei å gjera det lettare for folk å oppleva turane, enten heime frå stova eller ute i naturen.

– Dette er ei stor oppgåve med mange naturstiar som skal dokumenterast. Eg trur det blir veldig gøy, seier Andersen.