Hopp til innhold

No kan det bli koffertkaos på Bybanen

BERGEN (NRK): Når «nye Flesland» opnar, kan du ta Bybanen heilt inn til innsjekk. Men banen er ikkje tilrettelagd for flypassasjerar.

Øyvind Torsvik Myrvollen og Edwina Ann Kronen Rossi

BAGASJE: – Det burde kanskje ha vore ei bagasjehylle om bord, seier Øyvind Torsvik Myrvollen og Edwina Ann Kronen Rossi, som tar Bybanen til Flesland.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Dette var den billigaste og enklaste måten å koma oss dit på, så me valte Bybanen, seier Øyvind Torsvik Myrvollen og Edwina Ann Kronen Rossi.

Mellom sekkar, trillekoffertar og daglege pendlarar sit dei to flyreisande med kurs for Flesland. Då Bybanen i Bergen rulla inn på Flesland lufthamn for første gong i april, var det ein tom terminal som møtte passasjerane.

Men neste veke opnar den store og nye terminalen, og det blir også ein liten revolusjon for reisande.

Då kan ein ta Bybanen heilt inn i kjellaren på flyplassen, og Skyss ventar ei sterk auke i talet på passasjerar.

– Me har ein forventing om at ganske mange av dei flyreisande til og frå Bergen vil nytta Bybanen, seier direktør for Skyss, Oddmund Sylta.

Bybanen på Flesland

RETT UNDER TERMINALEN: Den første offisielle bybaneturen til Flesland gjekk 22. april. Sidan då har passasjerane gått dei fem minuttane til den gamle terminalen. Frå 17. august kan dei ta banen heilt i mål.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Firedobling

Den nye terminalen er bygt for å handtera 7,5 millionar passasjerar årleg. Den gamle var rekna for 2,8 millionar passasjerar, men hadde i fjor nesten seks millionar reisande.

På Bybanen, som frakta rett i underkant av ti millionar passasjerar i 2015, er det allereie trongt om plassen i morgon- og ettermiddagsrushet. I 2015 bestilte Skyss nye og lengre vogner for å gi betre kapasitet.

Når ytterlegare reisekoffertar og baggar skal kjempa om golvplassen, vedgår Sylte at kapasiteten kan by på utfordringar, spesielt frå Flesland til sentrum.

Nye Flesland terminal
Foto: Avinor

Vurderer ekstra buss i ettermiddagstrafikken

Stasjonen ligg direkte under den nye flyterminalen og blir noko av det første dei reisande vil møta i Bergen. Spesielt trur Sylta at trafikken frå Flesland til sentrum blir høg.

– Det kan nok bli trongt til tider, spesielt på ettermiddagen når ein får kombinasjonen av folk som skal heim frå jobb og skule og flypassasjerar med mykje bagasje.

Oddmund Sylta i Skyss

DIREKTØR: Oddmund Sylta er direktør for Skyss, selskapet som administrerer kollektivtrafikken i Hordaland.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Skyss er klar over at trafikkmengda i enkelte tidsrom kan bli stor, og står klar med tiltak for å ta unna passasjerane.

– I første omgang får me sjå korleis dette vil slå ut, og så får me vurdera eventuelle tiltak. Det kan vera at me må supplera med til dømes buss i enkelte tidsrom, seier Sylta.

Etterlyser bagasjehylle

Ved utgangen av juni hadde like under tre millionar passasjerar vore innom Bergen lufthamn. Bybanepassasjerane Myrvollen og Rossi er i ferd med å bli ein del av ein reisestatistikk som etter Avinor sin plan skal nå nye rekordar.

Rundt dei blir baggar og sekkar kasta rundt når banen forserer ein lang sving.

– Det kunne kanskje ha vore ei bagasjehylle om bord, eller ein plass ein kunne plassera bagasjen utan at han flyg vekk.

Passasjerer tester nye Flesland lufthavn

TESTING: Avinor har hatt fleire rundar med testpersonar som har testa ut den nye terminalen. 17. august opnar heile flyplassen for publikum.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK