No kan Bergen få «bybane» på sjøen

BYFJORDEN, BERGEN (NRK): I nye planar for sjøsida i Bergen kjem det fram at både kommunen og bedrifter står klare til å satsa på ein «bybane» til sjøs.

Bergen næringsråd og Bergen kommune utgreiar sjøbybane

«BYBANE» TIL SJØS: Marit Warncke i Bergen Næringsråd og byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti fortel om dei nye planane om ein bybane til sjøs.

Foto: Mette Anthun / NRK

I to år har Bergen kommune og Bergen næringsråd sett på moglegheitene for ein bybane langs sjølina i sentrumsområdet. No presenterer kommunen planane i den nye strategien for sjøfronten i byen.

– Den blå bybanen vil gjera sjøen tilgjengeleg på ein annan måte, og på sikt vil det bli ein effektiv måte å bruka kollektivtransport på, seier Marit Warncke, leiar for Bergen Næringsråd.

Båten skal bidra til å letta biltrafikken i sentrum. Den er i tillegg ein del av målet om nullutslepp, og vil dermed vera elektrisk.

Kommunen har engasjert konsulentselskapet Asplan Viak til å greia ut mogelegheitene for ein slik båt.

Kart over stoppesteder sjøbybane

STOPP: Slik kan den potensielle ruta til den blå bybanen sjå ut: Breiviken i nord, via Sandviken, Vågen, Nordnes, Dokken, Møhlenpris, Store Lungegårdsvann, Damsgård og Puddefjorden og ut til Laksevåg i nordvest.

Foto: Bergen kommune

– Ingenting er meir naturleg enn at me bruker sjøen som transportåre for kollektivtrafikk, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Teknologien i rivande utvikling

Sidan verdas første heilt utsleppsfrie ferje kom i drift mellom Lavik og Oppedal i 2015, har teknologien innan grøn skipsfart skote fart.

Noreg er blant landa som går i front for å redusera utsleppa til sjøs, og styresmaktene har sett miljøkrav til mellom anna ferjesamband. Òg supplybåtar, hurtigruteskip og til og med oljeriggar blir skodde for ein grønare framtid.

Hurtigbåter i Vågen i Bergen

UT AV BYEN: Allereie går det fleire hurtigbåtar til og frå kommunar rundt byen som Askøy og Meland. No vil politikarar og næringslivstoppar ha båtar mellom stopp i sentrum.

Foto: Christian Lura / NRK

Frå sommaren av skal båtane mellom Oslo og Nesodden bli utsleppsfrie og det same mellom Stavanger og byøyene.

– Ei utfordring for store byar som ligg langs sjøen er stor folkevekst, noko som kan gi trafikkproblem. Passasjertransport på sjøen er raskt og fleksibelt, seier Lars Jacob Engelsen, viseadministrerande direktør i Norled, reiarlaget som står bak dei nye båtrutene i Oslo og Stavanger.

Dei har òg planar for Bergen.

– Hurtigbåtbransjen er i rivande utvikling, spesielt passasjerferjer i dei store byane, seier Engelsen.

Bybane på sjøen

FORSLAG: Norled sitt forslag om korleis sjølve båten kan sjå ut.

Foto: Norled

Frå Laksevåg til sentrum

Ei tenkt rute for «den blå bybanen» strekker seg frå Sandviken i nord til Store Lungegårdsvann i sør, med stopp i både Vågen og Laksevåg.

Sidan dei så langt berre er komne til utgreiinga, kan dei ikkje seie noko om kva det vil kosta, eller når noko kan stå klart. Kommunen og næringsrådet er einige om at dei må få til eit samarbeid mellom det offentlege og det private.

– Me må få til eit privat-offentleg samarbeid, for det vil kosta mykje, seier Warncke i Bergen Næringsråd.