Hopp til innhold

No har kreftsjuke Oddny Miljeteig fått trua på livet

ÅRSTAD (NRK): SV-nestleiar Oddny Miljeteig trudde 2015 skulle bli eit fantastisk år. Slik gjekk det ikkje. Men no har trua, håpet og kjærleiken jaga angsten ut av kroppen.

Oddny Miljeteig om støtta etter at ho fekk kreft like før valkampen.

FØLER KJÆRLEIK: Oddny Miljeteig fortel om støtta etter at ho fekk kreft like før valkampen starta.

2015 var året då den 60 år gamle sosialarbeidaren frå ei veglaus grend ved Åkrafjorden for alvor skulle gjera sin entré i rikspolitikken.

SVs nyvalde nestleiar – landets eldste uansett parti, hadde også betre sjansar enn på lenge til å bli ordførar i Bergen.

Oddny er blitt gatekunst

GATEKUNST: Då Oddny Miljeteig blei sjuk, laga SV gatekunst under slagordet «Oddnify Bergen».

Foto: Bergen SV

For fjerde gong på rad blei ho sett på førsteplass på kommunevallista.

– Eg hadde ein fantastisk start på året, konstaterer Oddny Miljeteig.

Så kom smellen. Den «rabiate kjerringa på 60» (sitat: Oddny Miljeteig), omtalt av mange som ein utrøytteleg og fryktlaus talsperson for dei svake i samfunnet, klødde under armen.

Der kjende ho ein klump.

– Då stoppa verda opp, seier den no 61 år gamle SV-veteranen.

Angsten tok all plass

I stova heime på Årstad, der ho bur i saman med ektemannen Terje, tenkjer Miljeteig tilbake på det vonde halvåret som er gått.

Det verste var tida mellom det første fastlegebesøket og behandlingsstarten på Haukeland universitetssjukehus.

Eg var så redd. Eg var redd for livet mitt.

Oddny Miljeteig

Brystkreftdiagnosen kom raskt. Likeins med angsten. Tillitserklæringa ho hadde fått frå partikollegaene i heile Noreg blei brått uviktig. Lokalvalkampen blei avlyst. Alt blei avløyst av frykt.

– Eg har jo hatt periodar med det ein ikkje kan kalla noko anna enn angst. Då tar den all plass i sjel og sinn. Du bur i ei redsle, og det nyttar ikkje å snakka fornuft til seg sjølv.

Etter behandlinga starta, når ho i sine mange møte med legane fekk høyra at dei trudde dei ville klara å gjera henne heilt frisk, kjende ho seg tryggare.

Men berre medan ho sat på sjukehuset med dei ho kallar «verdas fremste ekspertar» framfor seg.

– Når eg kom heim igjen, så kom angsten. Og den sat der, altså.

Oddny Miljeteig om kreftbeskjeden.

ANGST: Redsla og angsten fylte Oddny Miljeteig då ho fekk kreftbeskjeden.

– Eg var så redd

Det er kvinna som har blitt kåra til Bergens tøffaste som sit framfor oss i gyngestolen i stova på Årstad.

Ho som i mars blei nestleiar i SV, i september skulle vinna valet, men i juli starta cellegiftbehandlinga, som førte til at ho i august hamna på isolat med tjukktarmbetennelse.

Eg har fått juling kvar dag av cellegifta, og det har vore langt fram til tunnelopninga.

Oddny Miljeteig

Ho som i desember fekk si åttande og siste cellegiftkur, og over nyttår får operert bort det eine brystet og blir sett på strålebehandling.

– Eg skal lova deg at eg ikkje har følt meg mykje tøff. Eg var så redd. Eg var redd for livet mitt.

Populær politikar

Miljeteig er rekna som ein av SVs mest populære politikarar. Før ho blei sjuk, hadde svært mange kommunar bede partileiinga om å få besøk av henne i valkampen.

Sjukmeldinga ramma slik sett ikkje berre Oddny sjølv og den næraste familien.

– Vi kjem til sakna Oddny veldig i valkampen, sa SV-leiar Audun Lysbakken då Miljeteigs sjukdom blei kjend.

– Det å ikkje kunne vera med i valkampen og gjera ein jobb, som førstekandidat, det var tøft. Det var nok tøffare enn eg var klar over, rett og slett, seier Miljeteig i dag.

Oddny Miljeteig og Mikkel Grüner

STOR STUND: – Eg klarte å gå ned på valvaka og takka, og det må eg seia var ein stor stund, altså, seier Miljeteig. Ho blei sett på sidelinja i valkampen. Mikkel Grüner, som tok over som frontfigur, svarte med Oddny-gatekunst.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Angsten fekk ein konkurrent

«Privilegert» er ikkje det første ordet ein tenkjer på når ein skal skildra 61-åringens situasjon det siste halvåret.

Men det er det ho sjølv brukar, når ho no seier seg ferdig med «ein seks månaders hestekur», og prognosane tyder på at ho vil bli heilt frisk.

For ein som er kjend for å engasjera seg heftig i alt frå nærmiljø til rikspolitikk, har det å bli heilt slått ut av sjukdommen vore ei ekstra hard påkjenning.

Ho kallar det ein «løyen oppleving» å ikkje ha krefter til å engasjera seg med, og fortel at ho har trengt hjelp til å takla den psykiske påkjenninga ved sjukdommen.

Den massive støtta ho har fått frå politiske motstandarar frå alle parti har vore varmande. Det same med måten partikollegaene reagerte på då frontfiguren deira blei sett ut av spel.

– Dei tapetserte dei valboden med plakatar av meg, dei lagde pins av meg, dei lagde forsyne meg gatekunst av meg. Når du opplever sånt ... Det er noko med at når kjærleiken strøymer imot deg ... Då fekk angsten ein konkurrent, altså.

Oddny Miljeteig om kreftsjukdommen.

SER LYSET: Oddny Miljeteig fortel om kreftsjukdommen og håpet om å bli frisk.

Skal laga spetakkel

Ikkje minst har mannen Terje vore ein viktig samtalepartnar og støttespelar gjennom sjukdommen, som alt no tyder på at Miljeteig vil koma seg heilskinna gjennom.

61-åringen er tydeleg rørt over trua ho no kjenner på at ho skal få lov til å følgja dei tre ungane sine, og leva i lag med mannen sin, i ein del år til.

Eg trur – og det er ikkje blasfemi – at Vårherre vil ha meg gåande på jorda for å laga spetakkel i nokre år til.

Oddny Miljeteig

– Eg har fått juling kvar dag av cellegifta, og det har vore langt fram til tunnelopninga ... Men no vågar eg å føla inni meg at eg ser lyset der framme. Og det lyset er livet.

Kvar kveld når ho legg seg, takkar Miljeteig høgare maktar for dei gode prognosane ho har fått. Og så ber ho om at dei må bli sanne.

– Og angsten har måtta gi slepp. Rett og slett. Eg trur – og det er ikkje blasfemi – at Vårherre vil ha meg gåande på jorda for å laga spetakkel i nokre år til, smiler Miljeteig.

Audun Lysbakken og Oddny Miljeteig på SV sitt landsmøte

NY NESTLEIAR: Under SV sitt landsmøte i mars blei Miljeteig valt til nestleiar. Ho er utdanna sosionom og har lang erfaring som helsepolitikar, men trur erfaringa ho får no, vil hjelpa henne som politikar. – Det å oppleva å vera alvorleg sjuk pasient, er ei erfaring eg tenkjer kjem til å gjera noko med mi synsvinkel når eg kjem tilbake. Fordi eg har følt på kroppen ei redsle for livet, som gjerne dei færraste har, og så har eg sett helsevesenet på sitt beste.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

Vil kjenna gleda ved at livet kjem tilbake

Barndomsheimen på Tøsse i Åkrafjorden, som ho er så glad i, har ho ikkje fått besøkt etter at ho blei sjuk. Det er noko ho ser fram til i 2016.

Men det største ønsket for neste år er å kjenna at kraftløysa i kroppen litt etter litt slepp taket, og gleda ved at livet sakte, men sikkert, vender tilbake.

Når eg les juleevangeliet på julaftan i år, så skal eg tenkja: «Det skal eg óg gjera til neste år».

Oddny Miljeteig

– Det er ikkje noko lite ønske, det veit eg. Og eg har jo ikkje nokon garanti. Men når Haukeland seier det dei seier, då vågar eg å tenkja at når eg er ferdig med behandling, då står det «LIVET» – med store bokstavar, smiler Oddny.

Men no er det først julefeiring heime på Årstad. På stovebordet er sirupsnippane, mannen Terjes spesialitet, sett fram.

Oddny har ikkje fått bidratt mykje i førebuingane. Men når den viktigaste dagen kjem, skal ho tradisjonen tru stå for opplesinga av juleevangeliet.

– Når eg les juleevangeliet på julaftan i år, så skal eg tenkja: «Det skal eg òg gjera til neste år». Og så skal eg kjenna trua på det.

Oddny Miljeteig les juleevangeliet under familiefeiringa. Det vil ho gjera neste år òg.

JULEEVANGELIET: Kvart år les Oddny Miljeteig juleevangeliet høgt for familien på julaftan. Det vil ho gjera neste år òg.