Hopp til innhold

No har desse dukka opp igjen langs kysten

Mystiske geleballar har forbløffa havforskarar i årevis. No nærmar dei seg eit endeleg svar på gåta, men treng hjelp frå dykkarar.

Geleball

GELEBALL: Store geleballar har blitt sett fleire stader langs norskekysten, men ingen veit sikkert kva dei er. Den siste blei sett ved Langøya i Os.

Foto: Erling Svensen

Heilt sidan starten av 2000-talet har forskarar fått inn meldingar om geleballar langs norskekysten. Dei har også blitt observert i Sverige og i Middelhavet.

Totalt har forskarane registrert 28 geleballar, den siste utanfor svenskekysten. I fjor skreiv NRK om fenomenet då det dukka opp oftare enn vanleg på vestlandskysten.

No blir det igjen meldt om funn i Noreg.

Laurdag 21. juli blei ein ny ball sett av ein mann som snorkla ved Strøneosen i Os kommune.

– Eg såg ein geleklump på omlag 60-70 cm i diameter på tre meters djup, fortel André Indrearne.

Trur det er blekksprutegg

Det begistrar forskar Halldis Ringvold ved Sea Snack Norway, som fekk meldinga i føremiddag. Ho er ein av dei som lenge har prøvd å løyse geleball-mysteriet.

Saman med forskarar ved Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og NTNU, har dei samla informasjon om fenomenet.

No trur ho at dei har funne svaret.

Forskarane har lenge mistenkt at det er snakk om blekksprutegg, og funn andre stader i verda har styrka trua på at dei kan ha rett.

– Vi er ikkje bombesikre, men vi trur det er eggmasse frå blekksprutarten akkar, seier Ringvold.

– Våre funn skil seg litt ut, men ballane liknar på blekksprutegg som er funne andre stader i verda.

Forskarane har samla funna i ein artikkel som vil bli publisert i det vitskapelege tidsskriftet Marine Biology Research.

Det var Bergens Tidende som fyrst omtalte saka.

Halldis Ringvold

LEITAR: Forskar Halldis Ringvold har vore på jakt etter dei mystiske geleballane i fleire år. No ber ho om hjelp frå dykkarar.

Foto: Nina Tornsjø Grue

Ber om hjelp til å samle inn prøver

Sjølv om forskarane no er ganske sikre på at geleballane kjem frå blekkspruten, har dei ikkje klart å bevise det. For å vere sikre treng dei vevsprøver frå ballane.

Dei ber difor dykkarar om å ta ei liten bit av ballen, om dei skulle sjå ein langs norskekysten.

– Vi ynskjer oss veldig ei vevsprøve, slik at vi kan få sjekka DNA opp mot kjente blekksprutartar, seier Ringvold.

Ho har ei oppskrift klar om du får skore av ein bit frå ein geleball og frakta den til overflata.

– Legg den i ein brødpose og oppbevar den så kjølig som mogleg under transporten. Når du kjem heim kan du legge den i frysaren, så ordnar vi resten.

Akkar, Todarodes sagittatus

BLEKKSPRUT: Forskarane trur ballane er eggmasse frå blekksprutarten akkar.

Foto: Wikimedia

Mange observasjonar

Geleballane har blitt sett langs norskekysten heilt sidan 2001, kvifor har de ikkje fått undersøkt dei?

– Det har ikkje vore så mange funn, og ingen har klart å ta prøver til oss. Kanskje finns det mange slike ballar i sjøen, men få på dykkedjupne, spekulerer Ringvold.

Observasjonar av geleballar i Noreg

FUNN: Geleballane har blitt observert fleire stader i Noreg. Fyrste gong var i 2001 ved Møvikstrand i Kristiansand.

Foto: Sea Snack Norway

Fyrste gong ein geleball blei sett i sjøen på Vestlandet, i Matrefjorden utanfor Rosendal, var i 2006. Den same dykkaren, Erling Svensen, kom over ein ny ball i 2017.

– Fyrste gongen var det eit litt skremmande syn, sidan eg ikkje ante kva det var. Då eg tok på den, var den nesten som ein ballong, berre endå meir fleksibel, fortalde til han NRK.