NRK Meny
Normal

No får lærarar sparken på vidaregåande skular

20 lærarar har blitt sagt opp av fylkeskommunen. Stenging av skular og den utrygge framtida i den vidaregåande skule får skulda.

Svein Heggheim

KREVJANDE: Å seie opp lærarar er ikkje kvardagskost, erkjenner opplæringsdirektør Svein Heggheim.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Vi har sendt varsel om oppseiing til ganske mange. Det skuldast mellom anna at ein forholdsvis stor skule er lagt ned, og søkjartala til studieprogram har endra seg, seier Svein Heggheim i Hordaland fylkeskommune.

20 oppseiingar er ikkje vanleg kost i Hordaland fylkeskommune. Men denne hausten står fleire lærarar frå den vidaregåande skulen utan jobb.

Bakgrunnen er at det er behov for færre lærarar enn tidlegare. Det er først og fremst innan fagområda media og kommunikasjon, design og industrifag at lærarar vert oppsagde.

Eit heilt fagmiljø kan bli utsett viss søkjartala går ned.

Svein Heggheim, opplæringsdirektør

– Ikkje like trygg arbeidsplass lenger

Det er ei spesiell tid for vidaregåande skular i Hordaland med altfor mange ubrukte plassar og stor overkapasitet.

I fjor haust vart Fana gymnas bestemt lagt ned. I den ferske skulebruksplanen står minst fem skular til i fare.

Blant dei som er foreslått nedlagd, er Rubbestadnes vidaregåande skule på Bømlo, som vart kåra til den beste i Noreg.

Vil legge ned Fana gymnas

STENGT: Fana gymnas stengde i haust. Med fleire nedleggingar på gong på skular i Hordaland, kan også fleire lærarjobbar stå i fare.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Opplæringsdirektøren seier at situasjonen er krevjande.

– Det er vanskeleg når arbeidsforholda er usikre, seier Heggheim.

– Er det slik at ein jobb i fylkeskommunen ikkje er like trygg lenger?

Det trur eg vi må kunne seie. Det er ikkje sånn at talet på skular er like føreseieleg som for 15–20 år sidan.

Les og: – Vi er skuffa. Rasande. Forbanna.

Uavklart for fire

33 lærarar i fylkeskommunen har fått førehandsvarsel om oppseiing. Ni av sakene vart løyste ved å omdisponere dei til andre jobbar ved skulane.

For fire lærarar er saka enno ikkje avklart.

– Det er justeringar kvart år. men som regel marginalt samanlikna med dette.

Har overkapasitet

Heggheim legg til at dei sjølvsagt ønskjer at ein jobb i vidaregåande skule skal vere trygg.

– Men det svingar med den skulestrukturen vi har. Eit heilt fagmiljø kan bli utsett viss søkjartala går ned. Fleire andre fylke er i den situasjonen at viss dei får befolkningsvekst, må dei byggje nye skular. Vi er mange år frå ein slik situasjon i Hordaland, seier Heggheim.

Hordaland har overkapasitet på vidaregåande plassar til 2030, reknar fylkeskommunen med.

– Det er ein vanskeleg situasjon, òg fordi skulen ofte har betydeleg vekt i lokalsamfunnet, seier Heggheim.