Hopp til innhold

Byråkrati stoppa Berge (79) frå å plante blomstrar

Han ville berre pynte opp rundkøyringa i heimbygda. Både kommunen og veimyndigheitene likte forslaget, men det tok seks veker å finne ut av korleis han skulle få lov til det.

berge audun litland

SEKS VEKER: Gartnar Berge Audun Litland, ville plante blomar i ei rundkøyring i heimbygda. Det tok seks veker å finne ein måte å få det til.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

gartner Berge Audun Litland

BYRÅKRATISK: Litland meiner byråkratiet må hjelpe fram det som er godt, til eksempel blomstrar i ei rundkøyring.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK
Ordfører Osterøy

GA LOV: Ordførar i Osterøy, Kari Foseid Aakre, tok godt i mot forslaget.

rundkøyring osterøy

HMS: På tysdag får 79-åringen endeleg pynte rundkøyringa.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK
rådmann osterøy

TOK TID: Rådmann i Osterøy, Odd Ivar Øvregård, seier vegvesenet har vore positive, men at ansvarsfordelinga ikkje har vore heilt avklart.

Den 79 år gamle gartnaren, Berge Audun Litland, synest det var synd at rundkøyringa på Osterøy var så upynta og kjedeleg.

– Eg såg vi mangla noko mange andre kommunar har. Litt pynt i ei rundkøyring inn til kommunesenteret. Plantar skapar ro i sinn og tankar, seier Litland.

Han gjekk til ordføraren og spurte fint om han kunne plante nokre blomstrar.

– Eg spurte han, "det er vel ikkje ein hekk du skal setje opp?" men han sa at det ikkje var planter som kunne ta sikta få bilistane. Det var berre nokre småplantar, seier ordførar Kari Foseid Aakre.

– Eg sa at det berre var å setje i gong. Det hadde jo ikkje falt meg inn at det skulle vere noko problem, seier Aakre.

Seks veker seinere er blomstrane framleis ikkje planta.

Ikkje god HMS

Berge begynte arbeidet med å setje plantar i rundkøyringa. Rondellen er steinlagt, og gartnaren tok med jord heimanfrå.

Arbeidet ville han gjere gratis. Det gjekk likevel ikkje lang tid før han blei stoppa i arbeidet, skriv han i Bygdanytt i dag.

– Eg var litt for ivrig og, sette i gong på eiga hand, fortel gartnaren.

Nokon frå Mesta kom køyrande forbi og oppdaga gartneren i rundkøyringa. Dei ga han streng beskjed om å leggje ned arbeidet.

– Mesta meinte det var trafikkfarleg for gartnaren. Det var HMS dei tenkte på, seier ordførar Aakre.

Men å få utført arbeidet etter boka var ikkje heilt så enkelt som først tenkt.

– Det viste seg at løyve frå ordføraren ikkje hjalp mykje, fordi i rundkøyringa var det vegvesenet som rådde. Ideen min blei ikkje like godt motteken av byråkratiet på den sida, seier Litland.

Måtte setje opp skilt

Ordføraren og rådmannen i kommunen kontakta Mesta, og deretter Statens vegvesen.

– Der er forskrifter for arbeid på veg, og du må ha eit godkjent kurs. Det hadde ikke gartnaren, og då måtte vegvesenet bestille skilt til han, seier rådmann i Osterøy, Odd Ivar Øvregård.

Det heller skulle ikkje ta så lang tid, men var ikkje heilt så enkelt som tenkt.

– Statens vegvesen har berre vore positive, men det har tatt tid, fordi det har ikkje vore klart kven som har ansvaret for kva. Difor har vegvesenet vore nøydde til å ta fleire runder på dette, sier Øvregård.

– Byråkratiet må hjelpe fram det gode

Gartnaren synest prosessen har vore vel byråkratisk.

– No har vi hatt både demokrati og byråkrati i 200 år. Der er viktig at byråkratiet hjelper fram det som er ekte og godt, slik som levande plantar i ei rundkøyring, meiner Litland.

Han har vore litt trist fordi det var så vanskeleg å få lov til å plante blomstrane.

– Det har vore trassig. Eg har følt at det har vore mislykka, og vore fortvila. Men no ser det ut til at det kan løyse seg, så då legg vi alt bak oss, seier den lidenskapelege gartnaren.

Fikk fart på saken

Fredag kunne ostringer lese kva gartnaren synest om saka, i eit lesarbrev han skreiv til avisa Bygdanytt. Same dag fekk saka fart på seg.

Rådmannen kontakta Satens vegvesen på nytt, og denne gongen blei det ordning på problemet.

– No har vi gjort det slik at nokon av kommunen sine tilsette kan setje opp skilt for han, slik at han kan begynne å plante. Truleg kjem skilta opp på måndag, så då kan han setje i gong arbeidet på tysdag, sier rådmannen.

Klar for å setje i gong

– No skal vi få litt blomsterpynt i denne magre rundkøyringa. Eg håpar det vil vere til glede for dei som køyrer rundt her i kvardagen, seier Berge.

– Kva tid set du i gong planteprosess....

– Tysdag klokka ni! avbryter 79-åringen engasjert.

– Og det ser eg veldig ser fram til. Då legg vi bak oss alt av forargelse. Som sagt, plantar skapar ro i sinn og tankar, fortel Litland.