No får diabetessjuke Oliver (12) etterlengta hjelp frå ny teknologi

Blodsukkerapparat som styrast med mobilapp vert tilgjengeleg for over 2500 barn med diabetes type 1. – Dette vil gi Oliver betre helse, jublar mor Beate Rasmussen.

Oliver (12) og mor Beate Rasmussen

GLER SEG: Oliver (12) og mora Beate Rasmussen er glad for at eit nytt måleapparat for blodsukker er på veg.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– I dag må eg passe på blodsukkeret sjølv når eg er vekke frå mamma og pappa. Med ein ny målar kan dei følge med på det for meg, og eg kan reise vekk og vere med på mykje meir, seier 12 år gamle Oliver.

I september fortalde NRK at helseregionane sa nei til ny teknologi som lar foreldre følge med på blodsukkernivået til born med diabetes, også på lang avstand.

Oliver og mora, Beate Rasmussen, var skuffa over at dei ikkje fekk nytta mobilsystemet, som allereie var godkjend for bruk i Noreg.

Men no har Beslutningsforum bestemt at barn med diabetes type 1 likevel skal få sjekke blodsukkeret elektronisk.

– Det er veldig positivt at ting no skjer, seier Rasmussen.

Avreise til leirskole, Oliver (12) og mamma Beate Vinkler Rasmussen

MYKJE UTSTYR: I dag må Oliver (12) ha med seg store mengder utstyr dersom han skal vere heimanfrå, for å kunne måle og kontrollere blodsukkeret. Biletet er tatt når NRK møtte familien i september.

Foto: Stian Sørum Røkenes

– Større fridom

Det var TV 2 som først melde om godkjenninga. Etter planen skal ei sonde som registrerer blodsukkernivået koplast til armen til diabetikaren. Informasjonen denne hentar inn, kan hentast i ein app på telefonen.

– Når vi kan overvaka Oliver på denne måten, får han eit meir stabilt blodsukker, og helsa hans vil verta betre, seier Rasmussen.

Ho har lenge vore ein pådrivar for at dei elektroniske målarane skal verta tilgjengeleg for dei over 2500 borna i Noreg som har diabetes type 1.

Fram til no har berre nokre få fått målaren gjennom eit prøveprosjekt.

– Dette vil gjere kvardagen lettare. Oliver vil få større fridom til å reise på turar, overnatte og reise vekk, medan vi kan følge med på blodsukkeret hans kontinuerleg, seier Rasmussen.

Vil ta tid å få på plass

Hyppige blodsukkermålingar, riktig medisinering og eit bevisst kosthald er avgjerande for diabetikarar.

Baard-Christian Schem

TIDKREVJANDE: Det er vern av personopplysningar som har gjort at helseregionane har vore skeptiske til å nytte seg av den nye løysinga. No vil dei ha anbodsrunde for å finne den beste målartypen.

Foto: Helse Vest

– Det er viktig å følge med. Viss blodsukkeret blir veldig lågt kan situasjonen bli alvorleg, og eg kan svime av, fortel 12-åringen.

Dei nye apparata skal finansierast av spesialisthelsetenesta, og det skal no gjennomførast ein anbodsprosess for å finne apparatet som har best effekt på borna.

– Dette er eit steg i riktig retning for at blodsukkermålaren skal bli tilgjengeleg. Dette er ei midlertidig løysing, og tanken er at ein skal skaffe utstyr til diabetikarar opp til fylte 18 år, seier fagsjef Baard-Christian Schem i Helse Vest.

Han understrekar at det framleis er ein veg å gå før målarane blir tilgjengelege og kan takast i bruk.

– Det er mange selskap som leverer slikt utstyr, og vi skal no gjennom ein anbodsrunde og vurdere kva som er det beste tilbodet, seier Schem.

Rasmussen fryktar at det vil ta lang tid før ho kan følge med på blodsukkeret til sonen via telefonen.

– Når ting skal på anbod tek det fort lang tid, har eg høyrt. Men eg håpar det vert fortgang i det. Her er det snakk om liv og helse, seier mora.

Oliver (12) og mor Beate Rasmussen

VENTAR: Oliver og mora fryktar det kan ta tid før teknologien vert tilgjengeleg. – Men eg håpar det vert fortgang i det. Her er det snakk om liv og helse, seier Beate Rasmussen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK