Hopp til innhold

No får dei selja sider på internett – men berre innbyggjarar i kommunen får kjøpa

AGA (NRK): Ullensvang herad gir siderprodusent lov til å selja alkohol over internett. Men regelverket stoppar alle andre enn innbyggjarane frå å kjøpa.

Terje Johnsbråten

NETTSAL: Hardanger Cideri, ved Terje Johnsbråten, kan no selja sideren direkte frå produksjonslokala til kjøparane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vedtaket frå Ullensvang herad er truleg det første for ein siderprodusent i Noreg.

– Det er så vidt eg veit ingen andre som gjer dette i dag, seier Terje Johnsbråten i Hardanger Cideri på Aga i Ullensvang.

Denne veka gav politikarane selskapet bevilling til å selja sider med alkoholprosent inntil 4,7 prosent til privatpersonar over internett.

– Noko av hensikta vår er å gå føre og visa at dette er mogleg, seier Johnsbråten.

Kan bestilla på nett

Det har vore ei rivande utvikling både i sal av sider og talet på nye siderprodusentar med løyve i Hardanger dei siste åra.

Etter at den nye alkohollova kom i 2016, kunne blant anna bøndene selja sterk sider direkte frå eiga gard.

No opnar Ullensvang herad altså for internettsal. Førebels er det berre Hardanger Cideri som har søkt.

– Kjøparen kan til dømes gå inn på ei nettside og bestilla, så kan me anten køyra ut til kunden, møta dei ein stad, eller senda det med godkjend distributør, seier Johnsbråten.

Solfrid Borge

POSITIV TIL SØKNADEN: Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, vart overraska då ho såg søknaden om nettsal av sider. Heradet gav løyve til sal.

Foto: Tale Hauso / NRK

Må søkja for kvar kommune

Men ei viktig avgrensing i vedtaket, er at Hardanger Cideri berre kan selja sider til innbyggjarar som bur i kommunen.

Dermed må produsenten sjølv prøva å påverka andre kommunar til å fatta likelydande vedtak, slik at dei får selt til større marknader.

– At me no har fått godkjenning her i heimkommunen, kan bana veg for nettsal av Hardanger-sider også til andre kommunar, håpar Johnsbråten.

Han seier dei no vil søka om godkjenning for sal og levering til Bergen og Haugesund, og så eventuelt andre kommunar.

Tungvint system

Fleire meiner systemet er tungvint, og at det burde heller ha vore ei statleg godkjenning.

Helse- og omsorgsdepartementet vurderer no om det er behov for å endra reglane for nettsal av alkohol.

– Om det er behov for endringar, vil saka bli sendt på høyring, skriv departementet i ein e-post til NRK.

Johnsbråten peiker også på at reklameforbodet for alkohol kan bli ei utfordring for internettsalet.

– Men held ein seg innanfor reglane, er det mykje som er mogeleg.

Ordføraren: – Positivt tiltak

Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, seier ho vart overraska då det kom søknad om nettsal av sider.

– Men me sa ja, fordi me er sikre på at dette blir gjort etter reglane og i ordna formar, slik som Vinmonopolet gjer det når ein kan bestilla på nett der. Det er kontroll med til dømes utleveringstider og med sjekk av aldersgrense, seier Borge.

Ho trur løyvet kan styrkja arbeidsplassar i distriktet knytt til lokalproduserte produkt.