Hopp til innhold

Snart kan båtane kopla seg på straum

Bergen får det første landstrømanlegget for offshoreskip i hele Norge.

Supplybåter i Bergen havn

SLEPP UTSLEPP: Ei rekke supplybåtar i Bergen hamn hausten 2012. No får byen det første anlegget for landstraum i Noreg.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Me tek den endelege slutninga i juni månad, men etter planen vil det fyrste anlegget vere klart til prøvedrift i midten av desember, seier hamnedirektør Inge Tangerås til NRK.

Hamnestyret og Bergen kommune har bidratt med fire millionar kroner til saman til landstrømsanlegget, melder BT.

– Investeringsbudsjettet er på totalt sju millionar kroner, det vil seie at det står att tre millionar kroner frå fylkeskommunen og Enova, seier Tangerås.

Vil få ned luftforureininga

Hamnesjefen seier han kjenner seg trygg på at fylkeskommunen og Enova vil støtte prosjektet.

– Landstrømsanlegget er ein viktig faktor for å få ned luftforureininga i Bergen, seier Tangerås.

Skipa som ligg i hamna i Bergen har ofte blitt skulda for det sokalla giftlokket i Bergen. Til Bergen Tidende seier Tangerås at mellom seks og åtte prosent av utsleppa i Bergen kjem frå Hamna. Av dei 35 prosent frå offshoreflåten.

Fyrst i landet

Anlegget som vil kome i Dokken i Bergen hamn, vil bli det fyrste landstraumanlegget i landet.

– Kvifor er det offshoreskip og ikkje cruiseskip?

– For det fyrste er Bergen hamn ei enorm offshorehamn. Det er åtte skip inne dagleg, gjerne året rundt. Ut ifrå talet på skip er offshoreskip naturleg å byrja med.

Det nye landstrømanlegget vil kunne betene eitt skip om gongen.

– Det er hovudsakeleg fordi me vil gjere ting så enkelt som mogeleg for å halde kostnader nede.