NRK Meny
Normal

No er Laksevåg vgs. igjen truga av nedlegging

I september vart skulen redda etter veker med politisk debatt og protestar. No er framtida til Laksevåg vidaregåande igjen usikker.

Laksevåg videregående skole

ENDRA FOR ALL TID: Studiespesialiserande linje på Laksevåg kan forsvinne og skulen kan stå tom i tre år dersom det nye forslaget går gjennom.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Det er fylkesrådmannen i Hordaland, Rune Haugsdal, som no har kome med eit nytt forslag om å avvikle Laksevåg vidaregåande slik ein kjenner skulen i dag.

Haugsdal foreslår heller å byggje eit nytt stort skulebygg der fagskulane i Bergen skal samlokaliserast.

Det nye bygget er foreslått lagt til Laksevåg bydel, og då ser ikkje fylkesrådsmannen for seg at dagens vidaregåande skule i bydelen kan eksistera som i dag.

Difor vil han avvikle all aktivitet på Laksevåg vidaregåande skule frå hausten 2020.

I tre år skal det deretter stå tomt, før eit nytt stort skulebygg for yrkesfag og teknisk fagskole skal stå klart – dersom fylkesrådmann Haugsdal får det som han vil.

Her skal dagens Bergen Maritime vgs. og den nye «Fagskulen i Hordaland» halde til.

Det betyr at studiespesialiserande ikkje har ei framtid i Laksevåg, medan dagens fagtilbod vert ein del av den nye fagskulen.

Redda for seks veker sidan

I september blei skulen redda i skulebruksplanen. Då fekk skulen behalda tilbodet i studiespesialiserande fag, etter hard kamp frå både elevar og nærmiljøet.

Men no er eit nytt politisk forslag altså på bordet, som sår ny tvil om framtida til den tradisjonsrike skulen i Bergen vest.

«Laksevåg vil vere ei svært god plassering for ein samla fagskule og ein vidaregåande skule med maritimt og petroleumsteknisk fagtilbod. Med samling av all fagskuleaktivitet i Bergen blir dette ein av dei største fagskulane saman med eit attraktivt yrkesfagleg vgs.-tilbod i nærmiljøet. Dette vil representere eit løft for bydelen som vil kunne gi mange positive ringverknader» står det i forslaget.»

– Vi ønsker å samle det maritime skulemiljøet på Laksevåg. Det vil være positivt for dei maritime fagmilja og for bydelen, seier Emil Gadolin (Ap) til NRK torsdag ettermiddag.

– No må administrasjonen vurdere korleis ein slik prosess kan gjennomførast på ein best mogeleg måte. Vi har og bedt administrasjonen vurdere på nytt om det er naudsynt å avslutte all undervisning under bygge- og rehabiliteringsperioden, seier Gadolin.

Rektor reagerer

Rektor Tove Førsund fryktar konsekvensane.

– Det er viktig å ta vare på fagmiljøet vårt. Vi er av dei aller beste med tanke på få elevar ut i lære og har eit helt unikt samarbeid med næringslivet.

Ho håpar politikarane ser at det er kvalitetar ved skulen som ikkje kan byggast opp igjen etter ei eventuell avvikling på grunn av bygging.

– Det er veldig uheldig for bydelen Laksevåg at vi aldri får ei avklaring i kva for eit skuletilbod vi skal ha. Innbyggjarane, elevar og tilsette fortener betre, seier Føsund.

Laksevåg vidaregåande skole har i dag 730 elevar, 180 teoriplassar for lærlingar, 80 kursdeltakarar og 122 tilsette.

Politisk handsaming i dag

I dag tok politikarane i opplæringsutvalet stilling til saka. Det er første ledd i den politiske løypa før endeleg avgjerd i fylkestinget 13. desember.

– Vi er blitt bedne om å vurdere nøye om det er naudsynt å avslutte drifta på skulen i byggeperioden, seier Svein Leidulf Heggheim, opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune.

Han fortel at dei blant anna vurderar kor stor belastning det vil vere for elevar og lærarar at skulen blir omgjort til ein byggeplass.

– Det er store inngrep som skal gjerast. Arbeidsmiljø er kanskje det aller viktigaste, og noko vi må leggje vekt på, seier Heggheim.

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy