NRK Meny
Normal

No er det slutt på det strålande haustvêret

Frå onsdag av blir det meir «normale» tilstandar på Vestlandet når regnet melder sin retur. – Det er kanskje på tide, ler meteorologen.

Paraplyer i Bergen

FRAM MED PARAPLYEN: Denne veka vil det bøtte ned på vestlendingane att.

Foto: Emil Breistein / NTB scanpix

Kanskje er det tilbakebetaling for den elendige sommaren, men det har vore ein uvanleg flott haust på Vestlandet i år.

Høgtrykk og gode temperaturar har prega september og oktober, men frå onsdag av melder meteorologane at det er stopp.

Sola flyttar seg austover, og dei vestlendingane som tørstar etter regn får ønsket sitt oppfylt frå onsdagen av.

Frå 40 til over 100 mm

Frå Rogaland i sør til Sogn og Fjordane i nord vil det bli over 100 mm nedbør totalt frå onsdag til søndag på Vestlandet.

Også Møre og Romsdal og Trøndelag vil merka at lågtrykk tek over for høgtrykk denne veka.

Laster Twitter-innhold

– Det er kanskje på tide, ler meteorolog Vibeke Thynnes ved Meteorologisk institutt.

– September var varm og oktober var tørr, så det har vore eit utruleg uvanleg haustvêr. Men tysdag skyar det til, og på onsdag vil det byrje å drype, melder Thynnes.

Våt helg – snø på fjellovergangane

Torsdag og fredag vil det bli pågåande vestavind, og då kjem også dei større nedbørsmengdene.

Spesielt indre strok av Rogaland, Hordaland og midtre strok av Sogn og Fjordane kjem til å merke det.

– Det blir rimeleg vått på fredag og laurdag. Temperaturane vil dei første dagane halda seg milde.

Men til helga, når byene kjem, vil nedbøren falla som snø på over 600 – 800 meters høgde.

– På mange av dei største fjellovergangane vil det dermed vera fare for vinterføre til helga, avsluttar Thynnes.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.