Hopp til innhold

No er det slutt etter 28 år i NRK

Han har dekka Hardanger for NRK over fire tiår. Når programleiar og journalist Egil Torheim no går av, er det møtet med éin person som utmerker seg frå karrieren.

Egil Torheim, NRK sin mann i Hardanger, gir seg etter ein lang NRK-karriere. Sjå høgdepunkt frå 28 år i NRK.

SJÅ PORTRETTET: Eit langt NRK-liv er over for Egil Torheim i Hardanger. Sjå nokre av høgdepunkta frå ei 28 år lang karriere i rikskringkastinga.

– Eg har ikkje hatt ein kjedeleg dag på jobb i 28 år. Det trur eg verkeleg ikkje.

Han har vore NRK si røyst i Hardanger sidan 80-talet. No går Egil Torheim (65) av med pensjon og avsluttar med det ei lang og innhaldsrik karriere i rikskringkastinga.

Den erfarne journalisten og programleiaren har vore Hardanger-korrespondent over fire tiår, frå 1986 til i dag. Med alt frå rullande NRK-filial til kontor i eigen kjellar har Torheim vore grunnstein for NRK sin dekning i ein stor og viktig region.

– Det er rart å skulle slutte, men eg har tenkt veldig lite på det. Reaksjonane kjem nok sikkert ikkje før i etterkant. Då det kan det hende at eg angrar og tenkjer «pokker at eg slutta», seier Torheim.

Hadde siste sending i haust

Egil Torheim som programleiar i Vestlandsrevyen

MANGE ROLLER: Egil Torheim har hatt mange roller i NRK. Her frå tida som programleiar i Vestlandsrevyen på 90-talet.

Foto: NRK (arkiv)

Fredag 5. september i Ulvik: Med poesifestivalen som ramme gjer Torheim seg klar til sending som programleiar i NRK. Ettermiddagssendinga på P1 går denne fredagen direkte frå Ulvik med Torheim bak roret, slik den har gjort fleire gonger før.

Men dette er den siste sendinga med Torheim som programleiar.

– Eg merker ikkje noko til det her og no. Men det ligg eitt eller anna i kroppen. Det er det same som før kvar sending ligg inni her, seier han og peiker på brystet.

Neste år kan han for første gong nyte festivalen som ein av publikum. I år er det sending som gjeld.

– Den kjensla eg snakkar om er som blåst vekk når det raude ljoset går på. Då er ein topp konsentrert, og så er du som ein golvklot etterpå. Det er ein slags forventning, ein spenning når ein må gjere seg klar. For å sitere Olav H. Hauge: «No må eg blåsa meg opp.»

– Ingen større enn Hauge

Det å bli kjend med dei og føle seg velkomen i heimen deira står for meg som det største i karrieren.

Egil Torheim om Olav H. Hauge og Bodil Cappelen
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen

STORT MØTE: Torheim var mange gonger og besøkte Olav H. Hauge og Bodil Cappelen i Ulvik.

Foto: NRK

Og nettopp den store diktaren frå Ulvik har hatt ein spesiell betydning for Torheim.
NRK-reporteren har dekt store nyhendesaker, den betente utviklinga rundt smelteverka i Odda, bygginga av Hardangerbrua og viktige valkampar og val. Han har gått gangane på Stortinget, møtt statsministrar og kjendisar og artistar.

– Om nokon skulle spørje om kva som har vore det viktigaste på desse 28 åra eg har fått opplevd, så er eg ikkje i tvil eitt sekund: Det var møtet med Olav H. Hauge.

Han hugsar tilbake til den første intervjuavtale med Hauge tidleg i karrieren.

– Eg var på veg til Ulvik og hadde avtale med Hauge. Då fekk eg ein telefon, det var den gamaldagse mobiltelefonen der ein vart kalla opp via Sola radiostasjon. I andre enden var vaktsjefen i Dagsnytt, som lurte på kor eg var.

– Det hadde hendt noko i samband med smelteverket i Odda, og vaktsjefen spurde «Kva gjer du på?». Eg svarte at eg var på veg til Ulvik. Då sa han at eg måtte snu.

– Eg blånekta. «Ikkje tale om» svarte eg. «Eg reiser ikkje tilbake dit når eg har ein avtale med Olav H. Hauge. Slikt gjer ein ikkje.» Vaktsjefen vart sint og sa det var viktige nasjonale nyhende, men eg nekta framleis.

Egil Torheim på hjemmekontoret i ODda

I KJELLAREN: Dei siste åra hadde Torheim base i eigen kjellar i heimen på Skare i Odda.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Han fanga deg så kolossalt

Torheim drog som planlagd til Hauge, og angrar ikkje eit sekund. Den kvelden vart viktig i Odda-karen sitt journalist-liv, og sidan vart det fleire møter med Hauge og Cappelen.

– Den kvelden overnatta eg hos Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Det er det største eg har opplevd som journalist, det å få kome heim til Olav. Å ha møtt Bodil, og blitt kjent med dei.

– Det å bli kjend med dei og føle seg velkomen i heimen deira står for meg som det største i karrieren.

Godt for ganen

MATGLAD: Egil Torheim var mellom anna kjend for programmet 'Godt for ganen'. Her frå siste utgåve i 2008, med bollespising med bergensordførar Gunnar Bakke.

Foto: Jenny Duesund / NRK

Møta med Olav H. Hauge var ikkje berre spesielle – dei var også krevjande for ein ung journalist.

– Det var to ting med han som utmerka seg. Det eine var personen Olav H. Hauge, som fanga deg så lokalt. Når eg sat og prata med han så var eg heilt utsliten etter ein time. Han sat og haldt blikket ditt gjennom heile den timen, og du kunne ikkje vike frå han.

– Det andre var orda hans. I dag les eg han om ikkje kvar dag, så nesten. Diktsamlinga ligg på nattbordet mitt .

Då var det også passande at den siste sendinga til Torheim gjekk frå Ulvik, og Olav H. Hauge-senteret.

Egil Torheim i Norge rundt

NORGE RUNDT: Egil Torheim var programleiar for Norge Rundt i 1990. Nokre år seinare leia han dei første distriktssendingane i NRK.

Foto: NRK

– Det er sterkt. Eg valde bevisst at den siste sendinga skulle vere her frå Ulvik.

Med å lage lokal-tv-historie

Egil Torheim er også eit lite stykke lokal-tv-historie. Han var blant programleiarane då Vestlandsrevyen starta opp tidleg på 90-talet.

Det er forferdeleg trist om Odda blir utan ein mann frå NRK.

Torheim om NRK-stillinga i Hardanger

Vestlandsrevyen for Hordaland og Sogn og Fjordane var den første lokale TV-sendinga i NRK. Sendingane frå Bergen vart føregangsfigur for resten av distriktssendingane som i åra etter kom på plass rundt om i landet.

Torheim var blant programleiarane dei første åra av NRK sine første lokalsendingar.

Og at snippen var laus – og tv-formatet litt annleis den gongen – er siste innslaget i Vestlandsrevyen før sommaren 1992 eit godt døme på. TV-sjåarane fekk innblikk i korleis ein programleiar ser ut bak pulten han les nyhende frå.

– Vi gjorde ein gimmick. Eg stod i studio i shorts, hadde lang hestehale limt på i bakhovudet og til slutt i sendinga klipte vi til eit bilde bak meg, flirer Torheim i dag.

Sjå innslaget om att her:

Arkiv frå Vestlandsrevyen i 1992.

HUMOR-TV: Slik avslutta Vestlandsrevyen siste sending før sommaren 1992.

Uviss NRK-framtid i Hardanger

Torheim gjekk formelt av med pensjon 1. november, og hadde siste dag som NRK-tilsett 31. oktober.

Når han no har rydda heimekontoret betyr det også ei uviss framtid for NRK sin stilling i Hardanger. Torheim sin stilling er så langt ikkje utlyst på ny, noko som mellom anna har ført til fleire oppslag i lokalavisa.

Om Torheim vert erstatta, er framleis uklart, vedgår regionredaktør Unni Arnøy i NRK Hordaland.

– NRK har full stillingstopp og av den grunn er lokalkontorstillinga i Odda ikkje utlyst. Kva som skjer vidare vil bli avklart når NRK-budsjettet for 2015 er vedteke.

– NRK Hordaland kjem sjølvsagt til å dekke Hardanger også i framtida, slik me har gjort denne siste veka når Odda-samfunnet har vore så hardt råka av flaum, legg ho til.

NRK sin mann i Hardanger i nesten 30 år har klare tankar om problemstillinga.

– Det er forferdeleg trist om Odda blir utan ein mann frå NRK. Allereie i dag er det for mykje stoff frå Bergen, og ein er ikkje verdig eit fylkesstempel om ein legg ned kontoret i Hardanger. Så eg håper inderleg at stillinga kan bli lyst ut, og veit mange er interessert i ho.

No ventar livet som pensjonist i same område som han har dekt i fire tiår.

– Det eg kjem til å sakne mest er kontakten med kollegaer. Det å kunne ta ein telefon til folk i redaksjonen og snakke om laust og fast og dagens nyhende. Eg kjem til å sakna det, men samtidig skal det bli godt å sleppe det.

– Men eg er ein gamal sirkushest, så om det smeller i Hardanger kjem det nok til å klø i fingrane.

Egil Torheim ryddar ut av kontoret

RYDDA UT: No har Torheim rydda ut av kontoret sitt for siste gong. – Men om det går eit ras i Hardanger, vil eg nok som ein gamal sirkushest begynne å sparke i sagmuggen, seier pensjonisten.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK