Hopp til innhold

No er det ikkje fritt fram å fiske etter denne lenger

Fiskeridirektoratet set bremsene på og innfører totalkvotar på fangsten av lakselusetaren leppefisk.

Leppefisk foran anlegg

VIKTIG MOT LAKSELUS: Ein leppefisk er eit viktig biologisk verkemiddel i kampen mot lakselus, men fangsten etter fisken har auka kraftig dei siste åra. No set Fiskeridirektoratet foten ned.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Bruken av leppefisk til avlusing av oppdrettslaks har vore eit miljøvenleg og populært tiltak i oppdrettsanlegga i mange år.

Men dei seinare åra har fangstmengda auka kraftig.

Som NRK kunne fortelje tidlegare i vinter, åtvara havforskarar mot at leppefiskbestanden kunne kollapsa på sikt, om ikkje noko vart gjort.

– Vi må få til ei berekraftig hausting av denne ressursen, sa Kjell Nedreaas ved Havforskingsinstituttet.

No blir han bønhøyrt.

Skjerpar regelverket

Fiskeridirektoratet melder at dei no innfører totalkvotar på fangsten av leppefisk. Tiltaka vert sett i verk allereie i år.

– Det har dei siste åra bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som reinsefisk i oppdrett, heiter det i meldinga frå direktoratet.

– Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og Fiskeridirektoratet vil difor skjerpe regelverket for å ta ei meir aktiv føre-var-haldning.

18 millionar leppefisk

Fisket etter leppefisk er delt inn i tre soner; Sørlandet, Vestland og Midt-Norge. Sistnemnde sone gjeld alle fylke frå Møre og Romsdal og nordover.

Skjerpinga av regelverket betyr at opningstidspunkta for fangsten blir noko seinare i år enn i fjor, og totalkvotane fordelar seg slik:

  • Sørlandet (svenskegrensa – Vest-Agder): Fisket opnar 11. juli og i området er det ein totalkvote på fire millionar leppefisk.
  • Vestlandet (Rogaland–Sogn og Fjordane): Fisket opnar 11. juli og totalkvoten i dette området er på ti millionar leppefisk.
  • Midt-Norge (Møre og Romsdal og nordover: Fisket opnar 25. juli og totalkvoten på leppefisk er på fire millionar.

Det betyr ein totalkvote langs noregskysten på 18 millionar leppefisk.

Kjell Nedreaas

UROA: – Det hastar å få ned fangsten av leppefisk, sa forskar ved Havforskingsinstituttet Kjell Nedreaas til NRK i januar. No vert han bønhøyrt av Fiskeridirektoratet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fiska 800 tonn i 2014

Til samanlikning vart det i 2014 fanga til saman nær 800 tonn, eller 21 millionar leppefisk, i Norge. Salsverdien av fangsten det året var på 180 millionar kroner.

Fiskeridirektoratet presiserer at alle fritidsfiskarar som fiskar leppefisk som skal nyttast som reinsefisk i oppdrett av laks og regnbogeaure må ha ei leveringsavtale for å kunne drive fiske.

Frå i år av må også yrkesfiskarar som fiskar med teiner og ruser ha leveringsavtale for å drive fiske etter leppefisk.

– Må bli berekraftig

Havforskarar har tidlegare sagt til NRK at dei vil ha ein vekststopp i fangsten av leppefisk på Sørlandet, medan dei vil ha ein reduksjon på Vestlandet.

Jonny Tøkje, ein erfaren leppefisk-fiskar i Austevoll i Hordaland, sa til NRK i januar at fisken ikkje vil forsvinna, men at han likevel var einig i ein reduksjon av fangsten.

– Vi må vera forsiktige så vi ikkje skyt oss sjølv i foten. Det vi held på med må vera berekraftig slik at vi kan halda på med det i mange år til.