NRK Meny
Normal

No er bygda innesperra for femte gong i vinter

Eit nytt skred sperrar vegen inn til Gullbrå i Eksingedalen. Det er framleis usikkert kor lenge innbyggjarane blir isolerte denne gongen.

Skred på veg til Gullbrå

SKRED: Biletet er tatt klokka halv elleve tysdag formiddag, og syner skredområdet på fylkesveg 344.

Foto: Statens vegevesen/webkamera

I januar var bygda Gullbrå i Eksingedalen utan veg i 10 dagar, i februar blei vegen nok ein gong stengt, og no sperrar eit nytt skred fylkesveg 344 mellom Trefall og Gullbrå.

Gullbrå isolert etter ras

INNESPERRA: I januar såg det slik ut då vegen var stengt i 10 dagar. På bildet Anny Gullbrå, Vegard Gullbrå Tollefsen og Albert Gullbrå framfor skredet.

Foto: Frøydis Gullbrå

Det siste skredet blei meldt inn til Statens vegvesen måndag formiddag. Tysdag har geologar framleis ikkje fått vurdert området.

– Då entreprenøren var inne for å sjå på skredet som hadde gått, gjekk det fleire nye småskred rundt han, så han var rett og slett uroa for å opphalde seg der. Han måtte berre rygge seg ut att, fortel Ronny Sleire i Statens vegvesen.

LES OGSÅ: Bygd i Eksingedalen isolert etter ras | Bygd isolert: – Glade det er en lege her

Veit ikkje når vegen opnar att

Det er framleis usikkert kor stort snøskredet er denne gongen, og kor mange dagar dei 28 innbyggjarane blir isolerte denne gongen.

Snødekke i Eksingedalen

SKRED: I denne fjellsida ved Trefall gjekk skredet i januar. No er vegen stengt på nytt.

Foto: Statens vegvesen

– Med slikt vêr som det er no, samt dei store og blaute snømengdene, er det stor skredfare i området. Ein geolog skal etter planen opp for å sjå på området i morgon, alt etter korleis vêret blir, fortel Sleire.

Dette er femte gongen i vinter innbyggjarane i Gullbrå er stengt inne på grunn av snøskred.

LES OGSÅ: Maskinene kjempet seg vei til Gullbrå | – Denne vinteren har vore spesielt ille

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017