Hopp til innhold

No blir det glatte vegar og mykje regn

I morgon stig temperaturane og nedbøren kjem for fullt. – Då får me nok ein del utfordringar, seier Statens vegvesen.

Våt vinter

NO KJEM REGNET: Størst nedbørsmengder får me på Vestlandet seint onsdag, torsdag og fredag, der nedbøren kjem som regn opptil 600–800 meter, seier meteorolog Gunnar Livik.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Måndag har bilistar i fylket måtte slite seg fram på glatte vegar. I ettermiddag er dei fleste hovudvegane i fylket bare, men Statens vegvesen har enno utfordringar på fylkesvegane, og spesielt i området kring Kvamskogen der bilistar i ettermiddag har meldt om knallblå is i vegbana.

Speilblank vei

GLATTE VEGAR: I morgon ventar Statens vegvesen svært glatte vegar i Hordaland.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

– Der er det nedbør i lufta og den vaskar ut saltet langs vegane. Entreprenørane har litt problem der. Det blir ein vond sirkel, ein evig kamp. Jo meir nedbør, jo meir utvasking av saltet, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Ronny Sleire.

Skal du ut og køyre i morgon, må du førebu deg på glatte vegar også då.

– I morgon ser det verre ut. Då stig temperaturane, og det blir meir og meir nedbør utover dagen. Då får me nok ein del utfordringar med glatte vegar, spesielt på sidevegar og mindre fylkesvegar. I morgon blir ein spennande dag, seier Sleire.

Varmare og meir regn

Tysdag kjem ekstremvêret «Mons» til å treffe utsette strøk i Nordland og Nord-Trøndelag med store nedbørsmengder. Like ille blir det ikkje i Hordaland, men også her blir det eit vêromslag, seier Gunnar Livik ved Vervarslinga på Vestlandet.

Gunnar Livik

VÊROMSLAG: Mildvêr og mykje nedbør kjem til å prege dei neste dagane på Vestlandet, seier Gunnar Livik i Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Privat

– I morgon stig temperaturane og me får meir nedbør. Størst nedbørsmengder får me på Vestlandet seint onsdag, torsdag og fredag, der nedbøren kjem som regn opptil 600–800 meter.

– Det blir ikkje den mest trivelege nyttårsaftan, vêrmessig. Me ventar sørleg frisk bris på kysten som aukar på til liten kuling ut over ettermiddagen, og ein del regn.

Skianlegga har hatt rekordhøge besøkstal i helga, men frå torsdag vil dei låge temperaturane røyne på snøen, i alle fall i låglandet, seier Livik.

– I låglandet må ein truleg vente til laurdag før temperaturane kjem under null grader igjen.

SJÅ OGSÅ: Vêrvarselet for fjellovergangane