Hopp til innhold

Her blir det produsert gass for millionar utan folk om bord

SANDSLI (NRK): Dei første offshorearbeidarane har alt reist heim. Valemon-plattforma i Nordsjøen blir den første som blir styrt frå land. Eit steig inn i framtida, meiner Statoil.

Valemon-plattformen

VALEMON: Gassplattforma blir den første på norsk sokkel som skal styrast fullstendig frå eit kontrollrom på land.

Foto: Andre Osmundsen / Statoil

Valemon-plattform i Nordsjøen er den første på norsk sokkel som skal drivast fjernstyrt frå land – utan bemanning. Torsdag blei kontrollkrommet på Statoil sitt kontor på Sandsli offisielt opna og tatt i bruk.

Frå dette kontrollrommet skal 14 personar styra plattforma som dagleg genererer 32 millionar kroner til den norske oljekassa.

– Dette er ein milepæl for Statoil. Me har lenge hatt landbasert overvaking og styring av operasjonar i havet, men fjernstyringa av Valemon markerer at me har tatt eit nytt viktig i steg i vår digitaliseringsreise, seier Gunnar Nakken, direktør for Drift Vest i Statoil i ei pressemelding.

Åpning av kontrollrommet til Valemon på Sandsli

Frå venstre: Gunnar Nakken, direktør for Drift Vest i Statoil, olje- og energiminister Terje Søviknes, produksjonsdirektør Nina Birgitte Koch og kontrollromoperatør Joakim Tesdal.

Foto: Christian Djupvik Brandt-Hansen / Statoil

– Dette er framtida

NRK har fleire gongar omtala prestisjeprosjektet til Statoil. Då NRK besøkte plattforma for tre år sidan, var 370 personar involvert med å få prosjektet ferdig og klart til produksjon.

– På offshore-plattformer av denne storleiken, så er dette framtida. Ein utnyttar det teknologiske framspringet, samstundes som ein sparer kostnader på å redusera bemanninga, sa byggeleiar Nils-Helge Boge i Statoil til NRK den gongen.

Handplukka til jobben

Torsdag starta nedbemanninga og frå nyttår er Valemon-plattforma tømt for folk. Anlegget blir det første av det Statoil spår vil bli mange ubemanna plattformer på norsk sokkel.

22 år gamle Joakim Tesdal har hatt sin siste offshoreturnus på den norske kontinentalsokkelen. Frå no av skal han styra det massive anlegget frå kontorstolen på Sandsli.

– Eg ser på det som veldig spanande å få vera med på denne prosessen frå starten av. Eg har alltid treivst i Nordsjøen, men då eg fekk denne moglegheita kunne eg ikkje takka nei, seier kontrollromoperatøren, som trass sin unge alder er handplukka til jobben.

Åpning av kontrollrommet til Valemon på Sandsli

KONTROLLROM: 14 kontrollromoperatørar vil få ansvaret for drift og produksjon ved gassplattforma Valemon, som ligg 160 kilometer vest i havet. Torsdag deltok mellom andre olje- og energiminister Terje Søviknes under den offisielle opninga av kontrollen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

«60.000 fat» gass

Statoil kallar denne modellen «normalt ubemanna». Det går ut på at 15 personar reiser ut og gjer vedlikehald i to veker – i dei fire neste blir plattforma ståande heilt tom.

Plattforma er utstyrt med 147 kamera og kombinert med alt utstyret på instrumenta, kan Statoil følge med på den minste ting som måtte skje på plattforma frå hovudkontoret i Bergen.

Dersom det oppstår ein alvorleg situasjon, vil mannskap frå naboplattformen Kvitebjørn, 9 kilometer unna, ta over ansvaret for plattformen. Mannskap vil raskt kunne vera på plass.

22 år gamle Tesdal blir blant dei første som fjernstyrer produksjonen på eit olje- og gassfelt på norsk sokkel. Bak eit hav av skjermar, skal kontrollromoperatørane styra eit anlegg som kvar dag hentar opp over kubikk som er ekvivalenten til 60.000 tonn gass og lettolje.

– Nei, eg tenker at dette skal gå bra. Eg er vant til dei same oppgåvene frå jobben i Nordsjøen, så eg gler meg til å koma i gang, seier Tesdal.

Valemon-dekket landet på beina like før klokka 13.00
Foto: André Osmundsen/Statoil