Hopp til innhold

No ber Brann-kapteinen Bergen om å roa ned

KRISTIANSUND (NRK): Etter 13 kampar utan tap fryktar Vadim Demidov at opprykksfeiringen hos bergensarane allereie er i gong. – No må vi roa ned ein heil by.

Demidov

BEHELD ROA: Brann-kaptein Vadim Demidov meiner bergensarane ikkje må ta opprykket til eliteserien på forskot.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Brann klatra opp på andreplass på tabellen i førstedivisjon etter at dei vann 1–0 mot Kristiansund søndag kveld.

Med det held den store snuoperasjonen med Lars Arne Nilsen fram. Sotrastrilen tok over eit Brann som var langt nede då Rikard Norling fekk sparken i slutten av mai.

– Nei, det er ikkje på tide å gå ut på byen og ta seg ein pils endå.

Kristoffer Barmen

Men med Nilsen som hovudtrenar har det skjedd noko med Brann. Frå å ligga midt på tabellen har lagt no spelt 13 kampar utan tap – noko som er klubbrekord for ein sesong – og Nilsen har tatt laget til andreplass og i posisjon til direkte opprykk.

– Sigeren betyr vanvitig mykje, sa Brann-kaptein Vadim Demidov til NRK etter kampen.

Ingen pils endå

Det er ikkje rart Kaptein Vadim Demidov var fornøgd i går.

Med siger 1–0 i toppkampen har Brann fått ei luke på tre poeng ned til Kristiansund som ligg på tredjeplass på tabellen.

Men i Brann-garderoben nektar både spelarar og trenar på at dei har starta feiringa. For jobben er ikkje gjort endå.

Nei, det er ikkje på tide å gå ut på byen og ta seg ein pils endå. Me må halda oss litt i skinnet, pusta litt ut og sjå fram mot dei neste kampane, seier midtbanespelar Kristoffer Barmen.

Brann-jubel

SIGER: Stor jubel etter at Kristoffer Barmen scora på straffe mot Kristiansund og sikra Brann tre poeng.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

No ber kapteinen Demidov fotballbyen Bergen om å roa seg litt ned.

– No vert det min jobb å roa ned ein heil by, trur eg. Fordi folk i Bergen tar veldig av.

Likar lidenskapen

Trenar Lars Arne Nilsen synest derimot at det er greitt at bergensarane har store forventningar.

– Nei eg synest det er heilt greitt at bergensarane tar av, så lenge ikkje me gjer det. Eg likar at det kokar, at det er forventningar og lidenskap. Det må det vera. Men me skal ikkje ta heilt av sjølv.

Og programmet til Brann for dei siste fire kampane ser svært bra ut. Brann skal spela tre av dei fire siste kampane heime på Brann Stadion, og den einaste bortekampen er mot naboane på Sotra, Nest-Sotra.

Lars Arne Nilsen

TAR IKKJE AV: Brann-trenar Lars Arne Nilsen er klar på at jobben ikkje er gjort, men forstår at bergensarane har store forventningar til at laget skal rykka opp.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Laster innhold, vennligst vent..