Hopp til innhold

– Eg ser ting med lokale briller

Ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad, vart i dag valt inn som medlem i FrP sitt sentralstyre.

Helge Andre Njåstad og Siv Jensen FrP sitt landsmøte 2011

TOPPLEIINGA: Helge André Njåstad sit frå i dag i FrP sitt sentralstyre. Her med leiar Siv Jensen.

Foto: FrP Media

Med rundt 200 av dei 219 stemmene var Njåstad den av dei fire kandidatane som fekk flest stemmer.

Les også: – Frp håpar på kjedeleg landsmøte

Ordføraren sjølv er glad over moglegheita og trur han kan bidra med gode erfaringar frå lokalpolitikken.

– Sidan eg sit ute i distriktet på Vestlandet ser eg ting med lokale briller og har moglegheita til å sjå ting på ein litt annan måte. I dag har me stort sett representantar frå Stortinget og bykommunar i sentralstyret, så då er det greit å få med nokon frå distriktet som har på seg lokalpolitikarbrillene i diskusjonar, seier han til NRK.no.

Voteringa fann stad på FrP sitt landsmøte som gjekk av stabelen i Oslo i helga. Forutan Njåstad vart Sylvi Listhaug frå Oslo og Hanne Blåfjelldal frå Oppland valt inn som medlem av sentralstyret.

Les meir frå FrP sitt landsmøte:
Frp vil forby eiendomsskatt
- Vil skape et kynisk arbeidsliv
Birkedal-saken et ikke-tema
Blåfjelldal tilbake i politikken
– Han må ha en diagnose
Strid om samisk stemmerett i Frp