Hopp til innhold

Ni meter lang stålramme trefte bilen på Stordabrua

Ståldelen som førte til dødsulykka skal ha vore kring 200 kg tung. Varebilen som blei treft har betydelege skader.

Varebilen blei synleg skadd etter at ein metallgjenstand trefte ein varebil på Stordabrua.

RIVE AV: Delar av taket har nesten blitt rive av på varebilen, forklarer lensmann Odd Harald Hovland til NRK.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det er ein cirka ni meter lang ståldel som har falt av vogntoget og treft varebilen. Vekta på den er truleg nærmare 200 kg, seier lensmann ved Stord lensmannskontor Odd Harald Hovland til NRK.

Det var avisa Sunnhordland som omtalte saka først.

Torsdag morgon førre veke omkom ein mann i 40-åra då delar av taket frå eit møtande vogntog losna og trefte ein varebil på Stordabrua i Sunnhordland. Den andre personen som sat i bilen kom frå det fysisk uskadd.

Mange slike vogntog i Noreg

Ifølgje avisa var vogntoget som var involvert i ulukka laga for å transportere lausmassar, som flis eller sagmugg. Derfor er dei laga slik at ein kan opne toppen på dei for å laste i lausmassane med hjullaster.

Vogntog dødsulukke Stordabrua

MANGE SLIKE VOGNTOG I NOREG: Ifølgje Statens vegvesen er vogntoget laga for å transportere lausmassar som flis eller sagmugg.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Andreas Eikeskog i Statens vegvesen seier til avisa at det finst mange slike vogntog i Noreg.

Vinden kan ha vore ei medverkande årsak til at stålramma på vogntoget losna, seier Eikeskog til BT. Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Eikeskog måndag ettermiddag.

Delar av bilen rive av

Odd Harald Hovland fortel til NRK at varebilen som blei treft av gjenstanden hadde store skader.

– Både frontruta og heile taket har nesten blitt rive av på heile bilen, så dette er snakk om betydelege skader, seier han.

Varebilen og vogntoget står i Haugesund der nærmare undersøkingar blir gjort av krimteknikarar frå politiet og representantar frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

Nærbilde av vogntog som har mistet deler av rød presenning på taket.

NI METER LANG: Gjenstanden som losna frå vogntoget var ni meter lang og er truleg 200 kg tung.

Foto: Jan Kåre Ness

– Det er altfor tidleg å seie noko om kva denne ulukka kan skuldast, seier Anne Margrethe Bøe.

Bøe jobbar med ulukkesanalyserapporten i Statens vegvesen. Ho har ikkje vore på ulukkesstaden sjølv, og kan derfor ikkje gå inn på nærmare detaljar om sjølve stålgjenstanden.