NRK Meny
Normal

Ni kommunar mister tannlegetilbodet

Barn og eldre i ni kommunar må reisa lengre for å koma til tannlegen. Vedtaket splittar det sittande fleirtalet i fylkeskommunen.

Tannlege i arbeid

BLIR BORTE: Ni kommunar mister tannlegen.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Dette er ein del av eit mønster, der distrikta mister stadig nye tenester. Me likar ikkje at innbyggarane må reisa til tannlegen, i staden for at tannlegen kjem til oss, seier ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum.

Hardangerkommunen er ein av ni kommunar i Hordaland som no mister tannlegetilbodet. I forslaget til fylkestannlegen låg det an til at tolv kommunar skulle mista det offentlege tannhelsetilbodet.

Vedtaket splittar den styrande koalisjonen i fylkeskommunen. To av Kristeleg Folkeparti sine fire representantar går i mot nedleggingsforslaget.

Dermed måtte Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti sine siste to representantar ha hjelp av Framstegspartiet for å spikra fleirtal for nedleggingsplanen.

Ordførar i Granvin Ingebjørg Winjum (V) og ordførar i Ullensvang Solfrid Borge (Sp)

TAPAR OG VINNAR: Ordførar i Granvin Ingebjørg Winjum (V) mister det offentlege tannlegetilbodet i kommunen. Ullensvang-ordførar Solfrid Borge (Sp) får behalda tannlegeklinikken i sin kommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Reddar fire klinikkar

Som følgje av vedtaket er det følgjande kommunar som vil stå utan eit tilbod i eigen kommune:

  • Masfjorden
  • Modalen
  • Meland
  • Fedje
  • Sund
  • Vaksdal
  • Samnanger
  • Tysnes
  • Granvin

Også tannklinikken i Laksevåg i Bergen og på Ågotnes i Fjell vert lagt ned.

Klinikkane i Radøy og Ullensvang vert vidareført, trass i at desse òg stod på kuttlista til fylkestannlegen. Også klinikken i Rosendal i Kvinnherad, som i tillegg har ein klinikk på Husnes, overlever.

Fleirtalet går òg inn for å på sikt flytta tannklinikken på Lindås til Austrheim, som mista sin tannklinikk i førre periode.

Terje Søviknes

BERGA POSISJONEN: Terje Søviknes og Frp sørga for at den Ap-leia koalisjonen fekk fleirtal for nedleggingane.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Splitta KrF-gruppe

Nedleggingsvedtaket skjer trass i at regjeringa har opna for at tannhelsetenesta kan verta overført til kommunane i samband med kommunereforma.

Astrid Aarhus Byrknes, ein av to utbrytarar i KrF, reagerer på at kommunane vert behandla ulikt.

– Me meiner dette er ei avgjerd som hadde vore prinsipielt rett å venta med. Det er opna for at kommunane kan overta tannhelsetenesta, og då meiner eg det hadde vore rett å venta og behandla kommunane likt, seier Aarhus Byrknes.

SV, Høgre, Venstre, Raudt og Miljøpartiet dei grøne gjekk òg i mot forslaget om å leggja ned alle klinikkane.

– Dette er ein trist dag for fylkeskommunalt ansvar for heile fylket. Me har eit ansvar for dei unge og dei eldre som har krav på offentlege tannhelsetenester, sa Natalia Golis (MDG) frå talarstolen i fylkestinget.

Frp berga koalisjonen

Framstegspartiet valte som einaste opposisjonsparti å støtta nedleggingsplanen og sikra dermed fleirtal.

– Me tar eit arbeidsgjevaransvar og me tar ansvar for økonomien i samband med dette, seier gruppeleiar for Frp Terje Søviknes.

Framstegspartiet har fått gjennomslag for at det skal vurderast avtalar med privatpraktiserande tannlegar i dei kommunane som mister tilbodet.

Leiar i utval for helse og opplæring Emil Gadolin (Ap) forsvarar nedleggingane.

– For Arbeidarpartiet er det viktig å ha ein berekraftig struktur. Eg meiner òg at me framleis vil òg vil ha ein desentralisert struktur etter dette vedtaket.

Siste video

Liv Holmefjord og Torbjørn Lorentzen følger 1000-meteren på skøyter i OL fra Fana IL sitt klubbhus på Nesttun i Bergen.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås