NRK Meny
Normal

Ni av ti bygg ulovlege

Opptil 90 prosent av alle oppførte bygg i strandsona vest for Bergen kan vera ulovlege

Hvaler

Illustrasjonsfoto.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Det syner ei undersøking Fjell kommune har gjort.

Tal frå tre stikkprøvar som til no ikkje har vore gjort offentlege - syner at ein fann heile 400 ulovlege naust, vegar og bryggjer.

Båtjakt med kamera

Plan- og utviklingssjef Willy Sørensen sine menn har køyrd i båt rundt Bjorøy, Litlesotra og vestsida av Sotra og filma med videokamera. Stikkprøvane har avdekka heile 400 ulovleg oppførte bygg.

- Det er snakk om at mellom 80 og 90 prosent av det vi ser ikke er oppført på lovlig måte, sier Sørensen

Trapper opp jakten

Og dette er kanskje litt av problemet. Alle bygg, alt ned til ei lita flaggstang må ein søka om å få bygge. Til og med reparasjonar av eksisterande bygg må omsøkast. Og no kan kommunen koma til å trappe opp jakta på ulovlege bygg.

- Vi har startet på kartleggingsarbeidet og tilsatt folk, sier Plan- og utviklingssjef Willy Sørensen.