NRK Meny
Normal

NHO: – Tragisk å kaste private ut av sjukeheimane

Mange stader i landet vert private sjukeheimar gjort om til kommunale. No kastar NHO seg inn i debatten.

NHO-direktør Kristin Skogen Lund

KRITISK: NHO-direktør Kristin Skogen Lund er sterkt kritisk til at kommunar overtek drift av sjukeheimar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Eg tykkjer det er tragisk og det er ei sløsing med dei offentlege pengane, seier direktør Kristin Skogen Lund i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) til NRK.

Onsdag besøkte ho Søreide sjukeheim i Bergen, der privataktøren Aleris har stått for drifta i tolv år. Men frå hausten av har det nye byrådet bestemt seg for at det er kommunen som skal ta over drifta.

NHO-direktøren har sett den same trenden fleire stader i landet, etter at mange kommunar skifta politisk styre etter valet fjor.

– Det er ei forferdeleg nedvurdering av den innsatsen som dei private institusjonane og dei fantastisk medarbeidarane har lagt ned i mange år for å sikre eit godt fungerande omsorgssystem, seier Skogen Lund.

Kristin Skogen Lund besøker Søreide sjukeheim

NHO-direktør Kristin Skogen Lund besøkte Søreide sjukeheim i Bergen i dag. Sjukeheimen har i tolv år blitt drifta av Aleris.

Foto: John Nøstdal / NRK

Dyrare å drifta for kommunen

Det nye byrådet i Bergen, beståande av Ap, Venstre og KrF, har bestemt at kommersielle aktørar skal bytast ut og erstattast av kommunen sjølv eller private ideelle organisasjonar.

Men det kostar pengar. Å ta over drifta frå Aleris både ved Søreide og Odinsvei busenter i Bergen vil kosta kommunen fire millionar kroner i året. Skogen Lunde meiner det er å kasta pengar ut av vindauge.

– Det er meiningslaust å overføre dette til kommunen. Den viktigaste årsaka til at det blir dyrare er at det er mykje høgare sjukefråvær i kommunale sjukeheimar enn i private. Her på Søreide ligg ein på omtrent halvparten av snittet i kommunen, argumenterer NHO-leiaren.

– Når ein har noko som fungerer så godt som her, så bør ein ikkje nødvendigvis endre på det. Det blir dyrare og dårlegare når kommunen tek over, og dei pengane burde kommunen brukt på andre måtar.

Rebekka Ljosland

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) seier kostnaden ved å ta over sjukeheimsdrifta er ei kostnad som kommunen er villig til å ta.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Vil betre lønns- og pensjonsvilkår

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) vedgår at det blir dyrare for kommunen å overta drifta, men at det likevel er verdt det.

– Det er ikkje å kaste pengar ut av vindauge å prioritere dei tilsette sine lønns- og pensjonsvilkår, seier helsebyråden.

Det er først og fremst desse vilkåra som gjer at kommunen no vil ha ansvar for drifta av sjukeheimane sjølv. Ljosland seier dei tilsette i Aleris har hatt dårlegare vilkår enn kommunalt tilsette i lenger tid.

– Vi ønskjer at alle dei pengane som hjå private aktørar blir overført i konsernbidrag til moderselskapet, heller skal kome dei eldre til gode. Det kostar å ha gode lønns- og pensjonsvilkår, men den kostnaden er vi villige til å ta, slår Ljosland fast.

Siste video

Lager vannscootere mer lyd enn fritidsbåter? NRK har sjekket.
Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.