NRK Meny
Normal

NHO: – Dette er stort

Kværner fekk i dag ein svært så etterlengta milliardkontrakt som vil gje store ringverknader for næringslivet på Vestlandet, meiner regiondirektøren i NHO.

Tom Knudsen

NØGD: Regiondirektør i NHO, Tom Knudsen, trur milliardkontrakten til Kværner og Statoil vil gje store ringverknader for Vestlandet.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Det er ein veldig bra dag for Kværner og Statoil, men det er og ein veldig kjekk dag for Hordaland, Vestlandet og Noreg. Dette er stort, seier regiondirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Tom Knudsen.

I dag vart det offentleggjort at dekket til utstyr- og bustadplattforma på Johan Sverdrup-feltet skal byggjast av Kværner og amerikanske KBR. Kontrakten med Statoil er verdt 6,7 milliardar kroner.

– Blitt ein vinnar

Mykje av jobben med plattformdekket vil gå føre seg på Stord, og vil sikra mange arbeidsplassar. Knudsen meiner at kontrakten vil ha store ringverknader.

Johan Sverdrup living quarters

JOHAN SVERDRUP: Plattforma vil bli det største bustadkvarteret på norsk sokkel og har kapasitet til å innkvartera 560 personar.

Foto: Statoil ASA

– Dette påverke heile leverandørindustrien til oljebransjen og er difor veldig stort og spesielt. Johan Sverdrup er det største industriprosjektet i Noreg nokon gong, seier han.

– Vi veit at konkurransen har stått mot Asia, men at bedriftene, spesielt i Sunnhordland, har vore så gode til å omstilla seg og fått kontroll over kostnadane er imponerande. Det gjer at dei no er konkurransedyktige og blitt ein vinnar, legg Knudsen til med eit smil.

Viktig for vestlandsindustrien

Regiondirektøren meiner det er veldig viktig at bygging av service og bustadplattforma til Johan Sverdrup er lagt til Stord og Noreg.

– Dei har vist tidlegare er at dei er god på leveringstidspunkt og på å levera til den kostnaden som er avtalt. Dette blir no ein vinn-vinn situasjon for alle, og er sjølvsagt spesielt flott for vestlandsindustrien, seier Knudsen.

Bra for framtida

Han meiner det ikkje minst er viktig sidan leverandørindustrien til oljebransjen har slite tungt det siste året.

– Det at vi er konkurransedyktig er viktig og at vi får behalda kompetansen vi har. Oljenæringa har vore snakka ned det siste året, men no kan snakka den opp att. Det gjev optimisme og er bra for framtida, trur Knudsen.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.