Hopp til innhold

Nesten heile Noreg kan jubla over 17. mai-vêret

Festglade kan kosa seg i sol og varme på nasjonaldagen. – Det er sjeldan det ser så bra ut, seier meteorologen.

Barnetoget foran slottet i Oslo 17.mai

SOL OG VARME: Bergen vert truleg varmast under 17. mai i år. I Oslo var det fint vêr og sol i 2016, då dette biletet vart tatt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Torsdag er det mykje fint vêr i Noreg. Men nasjonaldagen ser ut til å verta endå betre. Nokre stadar kan det bunaden verta for varm.

– I Bergen ligg det an til 22 grader, og rolege vindforhold. Det er veldig sommarleg, konstaterer statsmeteorolog Frode Hassel.

– Dei fleste kan gle seg til 17. mai! Nesten heile Noreg skal få fint vêr. Det ser sjeldan så bra ut før nasjonaldagen, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

Ikkje alle er like heldige. Lengst nord i Nord-Noreg kan ein venta seg skyer og låge temperaturar, samt bygevêr. Festglade på Finnmarkskysten ser ut til å verte vêrtaparane.

– Kanskje får dei ikkje meir enn fem grader. Det er stor kontrast til Noreg under eitt, seier Thaule.

Sør for Bodø melder det stort sett fint vêr, mildt og over 20 grader mange stadar.

Sjekk ditt lokale 17. mai-vêr her! Eller la Kristian Gislefoss fortelle deg om det her:

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss gir deg været for nasjonaldagen

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss gir deg været for nasjonaldagen

Endringar ut over dagen

Sjølv om det lovar godt vêr, kan nasjonaldagen få skodde.

– Det ligg tåke langs kysten, som kan komma inn over landet i løpet av natta, men mest sannsynleg trekk den seg ut i løpet av formiddagen, seier Thaule.

Når den første 17. mai-isen er inntatt, og ein kjem litt ut på dagen, ser det ut til å koma eit nedbørsområde mot sørlege deler av Austlandet. Agder og Rogaland får skyer. Berre Agder får regn i morgon kveld, melder statsmeteorolog Thaule.

– Sogn og Fjordane og Trøndelag får fint vêr heile dagen, når skodda forsvinn, seier ho.

– Det vert ingen nedbør i Hordaland på 17. mai, men ut på kvelden kan ein merka skyer som skuggar, melder Hassel.

17. mai på NRK

DESSE LEIAR 17. MAI-SENDINGA PÅ NRK: F.v.: reporter Dennis Vareide, radioprogramleiar Pål Plassen, radioprogramleiar Hege Holm, TV-programleiar Haddy N'jie og kommentator Noman Mubashir skal gi TV-sjåarar og radiolyttarar inntrykk frå heile landet på NRK 17. mai.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Sommarleg framover

Natt til 18. mai kjem det regn på Vestlandet, det startar på Sørlandet og kryp oppover. Då kan det byrje å dryppa litt i Rogaland og Hordaland, men særleg på Austlandet.

Søndag er regnet kome til Trøndelag, og måndag Nordland, melder Thaule.

– Regnet går berre nordover neste veke, og vinden vil auka på i Nord-Noreg, seier Thaule.

– Frå søndag og i dagane som kjem vert det sommarleg med 20 grader på Vestlandet, seier Hassel.

Og før vi kjem heilt til 17. mai, må russen i Nord-Noreg passa seg, melder meteorologane:

Laster Twitter-innhold