Nesten halvparten av oss vil bu i einebustad

43 prosent av dei spurde i ei ny undersøking ynskjer å bu i einebustad. Blant folk i 30-åra ville heile 70 prosent valt einebustad, dersom dei skulle kjøpt bustad i dag.

Enebolig i Huldreveien i Bodø ble hybelhus

POPULÆRT: Over 40 prosent av dei spurde i ei undersøking vil bu i einebustad.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Undersøkinga er gjort blant 600 innbyggjarar i Bergen, og er utført av Respons Analyse for Eiendomsmegler Vest.

– Veldig mange har lyst til å bu i einebustad, ikkje så langt frå sentrum, seier administrerande direktør Sverre Gjessing i Eiendomsmegler Vest.

Han er ikkje overraska over resultatet frå undersøkinga.

– Privatliv og god plass

Rita Olstad er ei av dei som bur i einebustad på Askøy. Ho kunne ikkje tenkje seg å bu nokon annan stad, og meiner ho er heldig som har god plass.

– Borna har flytta ut, så eg har huset åleine. Der er stor hage og utsikt mot sjøen, seier Rita nøgd.

Bor i enebolig

BUR I EINEBUSTAD: Rita Olstad og dottera Kristine Olstad har begge flytta ut av bykjernen. Rita bur i einebustad på Askøy, medan Kristine har ei splitter ny leilegheit i Ytrebygda.

Foto: Siri Løken / NRK

Naomi Frimpong meiner einebustaden gir familien større fridom.

– Vi får litt meir privatliv og har stor plass, seier Frimpong.

Mange er einige med dei to huseigarane: 46 prosent av mennene og 39 prosent av kvinnene i undersøkinga har einebustad øvst på lista over kva type bustad dei ynskjer å bu i.

Ikkje nok til alle

Spesielt blant dei unge bustadkjøparane er einebustadar populært: Heile 70 prosent av dei i 30-åra ville valt einebustad dersom dei skulle kjøpe bustad i dag.

– For mange er draumen å ha sin eigen plass, gjerne med hage der borna kan leike og ha eit trygt oppvekstmiljø, seier Gjessing i Eiendomsmegler Vest.

Likevel går byutviklinga i motsett retning. Det er ikkje nok einebustader til alle som ynskjer det, og nasjonal fortettingspolitikk tilseier at vi i framtida må bu tettare. I tillegg skal det byggjast meir i høgda i Bergen og i andre norske byar.

Sverre Gjessing

MÅ GJERE MEIR: Sverre Gjessing i Eiendomsmegler Vest meiner det må gjerast meir for at folk som vil bu i einebustadar kan trivast òg i leilegheiter.

Foto: Siri Løken / NRK

– Det er ikkje mogleg å byggje einebustader til alle som ynskjer det i Bergen, men ein kan bygge gode prosjekt. Eg trur det er viktig å tenkje på privat uterom når ein byggjer; gode terrassar og uteareal der folk kan ha litt privatliv, seier Gjessing.

Han trur ikkje ein er flink nok til å tenkje slik i dei prosjekta som blir bygd i dag.

Vil samarbeide om bustadbyggjeprogram

– Det meste av dei rundt 30.000 bustadane som vi skal byggje fram mot 2030 vil vere leilegheiter, seier byråd for byutvikling i Bergen, Anna-Elisa Tryti.

Ho er einig i at det er viktig å sikre gode uteområde for dei som bur i bynære leilegheiter, og meiner Bergen må samarbeide med nabokommunane for å kunne oppfylle bustadraumen til flest mogleg.

Anna Elisa Tryti

VIL SAMARBEIDE: Byråd for byutvikling i Bergen, Anna-Elisa Tryti, vil samarbeide med nabokommunane om å følge opp boligdraumene til folk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg vil invitere nabokommunane til å vere med å utvikle eit bustadbyggjeprogram, slik at ein saman kan sjå på kva ulike tilbod vi skal ha i dei ulike delane av bergensregionen. Vi må tenkje på korleis vi saman kan gi bustader til ei raskt veksande befolkning, men samtidig har klare klima- og miljømål, seier Tryti.

Siste video

Sjukehusbråket i Førde, madonnafigur som får koma "heim" og jubileum i ein av våre yngste byar. Dette er noko av det du kan sjå i fredagens vestlandsrevy. Programleiar er Jan Børge Leirvik.
Denne veka kom dei 75 meter lange turbinvengene som skal bli ein del av verdas første flytande vindmøllepark til Stord.
Fra 1. mars må du belage deg på å booke time hvis du vil ha pass.