Hopp til innhold

Nesten 100 oppdrag for politiet i natt

Bråk, slåsting og fyll. Julebordsesongen er i gang og politiet hadde nok å gjera natt til søndag.

– Vi har hatt det ganske hektisk. Ikkje dei store tinga som har skjedd, men mykje bråk og tull og vi har avverja ein del slåsting, seier påtroppande operasjonsleiar Janne Steimler Sæthre til NRK.

Frå midnatt til klokka 06.00 har politiet rykka ut på totalt 97 oppdrag. Fem personar har hamna i drukkenskapsarresten, medan ein som vil bli politimeldt for vald ligg på Haukeland sjukehus for observasjon.

Vald mot politiet

Sistnemnde vart tatt med til Bergen saman med ein anna person, etter at dei laga bråk og kvalme ved ein utestad på Sløvåg i Gulen.

– Begge var utagerande og den eine sette seg kraftig imot då vi tok han med til Bergen. Han vil bli meldt for vald mot offentleg tenestemann, seier Steimler Sæthre.

Han har også blitt utsett for ein del spark og slag ved utestaden, og er blitt sendt til Haukeland for tryggleikens skuld.

– Alt går an i julebordsesongen!

Klokka 01.00 fekk politiet fleire telefonar frå ein mann i Lyngbøveien. Han hevda seg låst ute på ein altan, og alle på festen hadde gått sin veg. Det var kaldt og to etasjar ned til bakken.

Men då politiet kom fram for å hjelpe, viste det seg at altandøra var open. I tillegg hadde mannen ein stige tilgjengeleg ned frå altanen.

– Alt går an i julebordsesongen!, er politiets korte kommentar på Twitter.

Nekta å forlate fest

Dårleg orientering hadde også kvinna som like etter midnatt hadde forvilla seg inn i Fløyfjellstunnelen på E39 i Bergen til fots. Ho var på veg i nordgåande tunnel men vart raskt plukka opp av ein politipatrulje.

På Alvøen måtte politiet be ein festdeltakar om å komma seg heim. Julebordet var avslutta, men gjesten nekta å gå heim.

– Vi har i tillegg avverja ein del slåstkampar og slikt, avsluttar operasjonsleiar Janne Steimler Sæthre.

Narkotikabeslag og fyllekøyring

Også i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt blir det meldt om ei travel natt. I tillegg til mykje bråk i Haugesund, har politiet hatt oppdrag både på Stord og i Sveio.

På Stord vart to menn i 20- og 30-åra arrestert etter å ha blitt tatt med narkotika på seg. Politiet vil ikkje sei kor mykje og kva dei hadde på seg, men det var "en ikke ubetydelig mengde" heiter det i loggen frå operasjonsleiar. Begge vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

Nord for avkøyringa til Liareid i Sveio hamna ein bil i grøfta i 03.00-tida. Ein mann i slutten av 20-åra vart mistenkt for promillekøyring og måtte bli med for å ta blodprøve. Politiet har tatt førarkortet frå sjåføren.