NRK Meny
Normal

Nesten kvar fjerde hordalending går på jobb sjølv om han er sjuk

– Trenden er klart aukande, seier fylkesdirektør i NAV Hordaland.

Syk mann.

(Illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox

Samanlikna med første kvartal i fjor har sjukefråveret å fylket gått ned ti prosent, viser ferske tal frå NAV. Per første kvartal i år var sjukefråveret på 5,5 prosent, det same som for landet sett under eitt.

– Færre vil falle ut av arbeidslivet

Mest nøgd er fylkesdirektøren i NAV Hordaland med at fleire hordalendingar går på

Anne Kverneland Bogsnes

Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, er glad for at fleire sjuke er i arbeid.

Foto: NRK

jobb sjølv om dei er sjuke. Talet på sokalla graderte sjukmeldingar har auka.

– Det vil seie at fleire av dei som tidlegare var heilt vekke frå jobben, no heller får sjukmeldingar som gjer at dei er til dømes 70, 50 eller 20 prosent sjukmeld, seier Anne Kverneland Bogsnes.

Bogsnes trur at dette på sikt vil føre til at færre fell ut av arbeidslivet som fylgje av sjukdom.

– Me veit at dess lenger ein er heilt vekke frå arbeid, dess vanskelegare er det å kome tilbake.

– Legane kjenner ikkje moglegheitene

NAV har dei siste åra hatt gåande eit prosjekt der NAV sine rådgjevane legar rettleiar fastlegane.

– Det er ikkje alle fastlegar som har heilt klart føre seg kva moglegheiter som finst innanfor lovverket til NAV, og der kan NAV sine legar bidra til å kome fram til gode løysingar for den enkelte.

Den viktigaste årsaka til at sjukefråveret første kvartal i år er lågare enn i fjor, er ein influensafri vinter.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo