Hopp til innhold

Målfest då Nest-Sotra banka Hødd

Gjestene frå Nest-Sotra gav seg ikkje før dei hadde banka inn fem mål på Høddvoll.

Nest-Sotra
Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport

Nyopprykka Nest-Sotra held fram med å imponera og overraska i 1. divisjon. Søndag var turen lagt til Høddvoll Stadion der dei grønkledde møtte Hødd til kamp.

Og gjestane brukte ikkje lang tid på å markera seg. Allereie etter to minutt hadde Henrik Gjesdal sendt Nest-Sotra i føringa. 20 minutt seinare var leiinga vakse seg til 3-0, etter mål av Joachim Hammersland og Steffen Lie Skålesvik.

Heldt trykket oppe

Ei redusering før pause hadde lite å seie. Kristoffer Zachariassen la på til 4–1 før innbytar Bjarne Langeland også fekk vera med på festen. Han la på til 5–1 fire minuttar før slutt. Fredrik Aursnes sette inn Hødd sitt andre trøystemål på overtid.

Det betyr at Nest-Sotra klatrar til 4. plass på tabellen. Med fem sigrar og fire tap har grøntrøyene 18 poeng.