Nektar straffskuld i grov valdssak

Måndag starta rettssaka mot ein bergensmann (41) som er tiltalt for mishandling av ein mann i 20-åra. 41-åringen skal òg ha helt Klorin over den fornærma, men nektar straffskuld, skriv BT. Forsvarar til tiltalte seier til avisa at han var rusa.