NRK Meny

Nektar straffskuld

21-åringen frå Bergen som er sikta for bildrap i Vestfold natt til 1. nyttårsdag, nekta straffskuld då politiet fekk avhøyre han for første gong i går, skriv Østlands-Posten. Mannen er blitt operert fleire gongar sidan kollisjonen på E18, der ein 47 år gamal familiefar omkom. 21-åringen, som skal ha køyrt i feil køyreretning på motorvegen i tre kilometer før kollisjonen fann stad, er sikta for forsettleg drap – og har blitt overvaka på sjukehuset av politiet sidan.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås