Hopp til innhold

Nektar homo-venlege prester adgang

Homo-venlege prestar er ikkje velkomen til kyrkjene i Øygarden.

Det er konsekvensen av eit vedtak som er gjort av kyrkjelydsråda i kommunen.

Øygarden prestegjeld er samansett av to sokn, Hjelme og Blomvåg.

Krev særhandsaming

Dei to kyrkjelydane krev særhandsaming og ønskjer eit alternativt overhovud viss Bjørgvin skulle få ein biskop som aksepterer homofilt samliv.

Krava om særhandsaming vart presentert for noverande Bjørgvin-biskop Ole Hagesæther førre veke. Han står sjølv for ei konservativ linje i homofili-saka, og han har tillit hos dei to sokneråda i Øygarden.

Men Hagesæther går av om to år,  og sokneråda kjenner seg ikkje fullt så trygge på kva ein ny biskop vil meine. Det seier leiar i kyrkjeleg fellesråd, Gustav Landro.

- Viss vi får biskopar og overordna av den liberale typen, vil det rett og slett ikkje gå i hop med den praksisen og den kulturen som finst i vårt prestegjeld. Det er difor vi ber biskopen om å hjelpe oss, slik at det eventuelt kan vere mogeleg for framtida å få ein alternativ biskop.

Gustav Landro, leiar i kyrkjeleg fellesråd, Øygarden

Får ikkje halde gudstenester

Biskop Ole D. Hagesæther
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Biskop Hagesæther ser likevel ikkje føre seg alternative ordningar. Han ønskjer heller ikkje å gå vidare med saka.

- Det finst ikkje slike ordningar, vi har ikkje den konstruksjonen. Slik som det er no, er det biskopen i Bjørgvin, anten det er meg eller min etterfølgjar, som vert biskop for prestegjelda i Øygarden.

Homofili-striden og kyrkjesituasjonen har i lengre tid engasjert sokneråda i Øygarden.

Saka er teke opp på mange møter, og vedtaka er samrøystes: Prestegjelda vil ikkje innordna seg under nokon som aksepterer homofilt samliv.

Det inneber også at prestar med slikt syn ikkje får halde gudstenester i Øygarden.

- Det er ein direkte konsekvens av det som vi har sagt no, ja, seier Gustav Landro.