– Forstår at veljarane har svekka tillit

Byrådsleiaren i Bergen forstår at tilliten til bergenspolitikarane har vorte svekka det siste halvåret, men oppfattar det ikkje som mistillit. – Det er ingen grunn til at bergensarane skal bli usikre på oss, seier Smith-Sivertsen.

Martin Smith-Sivertsen

VIDEO: Byrådsleiaren i Bergen, Martin Smith-Sivertsen, gav si forklaring på den svekka tilliten til bergenspolitikarane.

Tale Hauso
Journalist
Marte Rommetveit, NRK Hordaland

I ei meiningsmåling som InFact har laga for BA og NRK seier vel halvparten av dei spurde at tilliten til bergenspolitikarane har vorte svekka det siste halve året.

Likevel oppfattar ikkje byrådsleiaren i Bergen, Martin Smith-Sivertsen resultatet som mistillit, men forstår at resultata har blitt dårlege.

– Denne målinga vart jo tatt opp på måndag, og førre veke var jo ei turbulent veke i bergenspolitikken med blant anna ein byråd som trakk seg. Så eg forstår jo at resultata kan bli dårlege, men det er ikkje mistillit, seier byrådsleiaren.

Meir diskusjon om sakene

Han trur årsaka til det dårlege resultatet er at det er eit byråd i mindretal i bystyret.

– Då blir det meir diskusjon om sakene. Før var det fleirtal i bystyret og sakene kunne ofte gå lettare gjennom når dei skulle vedtakast, seier Smith-Sivertsen.

– Det har jo vore ein del utskiftingar i bystyret. Forstår du at folk kan bli litt usikre?

– Ja, men det er det ingen grunn til. Eg tiltredde jo for åtte månadar sidan, og så trakk Liv Røssland seg i førre veke. Men utover det så er det godt samarbeid i byrådet mellom Frp og Høgre. Vi har fått eit budsjett på plass, seier Smith-Sivertsen.

Budsjettsprekk i Bergen

Men i dag kom det fram at det er eit stort budsjettsprekk i Bergen kommune. Kommunen ligg nemleg 127 millionar kroner i minus i forhold til budsjettet.

– Det hjelper jo ikkje på tilliten. Vi går med eit solid overskot, men så er det sånn at skatteinntektene er redusert fordi oljeprisane har gått ned og fordi vi har fått ein del oppseiingar i oljeservicebransjen. Vi vert råka av dette. Tidlegare har vi brukt å få litt ekstra skatteinntekter, men no opplever vi det motsette, seier Smith-Sivertsen.

misstilit til politikerne

SJÅ VIDEO: Meir enn annankvar bergensar seier dei har fått mindre tillit til politikarane det siste halve året.

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.