Mange hundre nordmenn får ikkje svar på kvifor dei slit med lammingar og nevrologiske skadar etter arbeid i oljeindustri, luftfart, smelteverk eller på anleggsmaskinar.
Illustrasjonsfoto: NRK/Puls
Får ikkje svar
Internasjonale oljeselskap nektar nemleg å fortelja forskarane kva for kjemikaliar dei tilsette hydraulikk- og turbinoljer på 70- og 80-talet.
Dermed får ikkje dei med gamle skadar vita sikkert kvifor dei vart sjuke, seier forskar Pål Molander ved Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
- Gamle oljer har vore veldig dårleg dokumentert, og oljeselskapa har ikkje vore villege til å frigjera den type informasjon til no, fortel Molander.
Giftig damp
I forfjor vart det kjend at mange hundre arbeidarar slit med lammingar, multippel sklerose, muskelsmerter og andre nevrologiske seinskadar - særleg etter arbeid i oljeindustrien og på anleggsmaskinar.
Årsaka kunne vera giftig damp og lekkasje frå hydraulikk- og turbinolje som inneheldt kjemikaliar av typen organofosfat.
Ny målemetode
For å finna ut kva som er situasjonen i dag, har STAMI brukt halvanna år på å utvikla ein målemetode.
- Det er er ingen i heile verda som har gjort dette tidlegare, seier Molander.
Deretter har dei målt lufta i ulike arbeidsmiljø: særleg i offshore-industrien, og litt på smelteverk. Men sjølv om dei har målt der problemet kunne tenkast å vera størst, har dei ingen stader funne farlege mengder hydraulikkolje-damp.
- Det er veldig låge nivå me har klart å påvisa, dei fleste stader ingenting. Og då har me starta dei stadene me kanskje kunne forventa å finna mest, fortel Pål Molander.