Kine Clevenger fekk avslag på fedmebehandlig ved Førde sentralsjukehus fordi ho budde i Oslo og ikkje på Vestlandet.
Manglande kapasitet gjer at Helse Vest prioriterer eigne pasientar.
- Det skal ikkje måtta vera naudsynt å flytta for å kunna få helsehjelp her i dette landet. Fritt sjukehusval stemmer i røynda ikkje, meiner Kine Clevenger.
Førde sentralsjukehus
Flytta for operasjon
Ho er sjukeleg overvektig, og treng medisinsk hjelp. Førde sentralsjukehus er eit av svært få sjukehus som har tilbod til overvektige.
Sjølv om det er fritt sjukehusval, får Clevenger avslag på sin søknad fordi ho bur i feil helseregion.
For to år sidan flytta ho frå vener og familie i Oslo til Helse Vest sin region av ein einaste grunn - for få rett til operasjon.
På venteliste
I dag står ho på venteliste i Førde, og er lova operasjon innan tidsfristen på 18 månader. Men det har teke tid.
- Endå er det halvanna år til eg får operasjonen. Det er politikarane som set opp desse idiotiske reglane, og eg skjønar ikkje kva dei tenkjer med, seier ho.
Pasientombod i Bergen, Grethe Brundtland, ser svært alvorleg på denne situasjonen.
I strid med lova
Ho kjenner til minst to tilfelle der pasientar har måtta flytta for at Helse Vest har kunna gitt dei behandling.
Manglande kapasitet gjer at helseregionen prioriterer sine eigne pasientar. Dette er med på uthola fritt sjukehusval og er i strid med lova.
- Pasientar skal kunna søkja seg til alle sjukehus dei vil. Når ein ikkje får oppfyllt retten til fritt sjukehusval, er det eit lovbrot, fortel Brundtland.