Nekta å stoppe for kontroll

Ein bilførar på Bømlo nekta kl. eitt i natt å stoppe i ein politikontroll. Bilen blei funne igjen på Føyno. Mannen blei seinare funne av hundepatruljen og blei arrestert. Det er mistanke om ruskøyring, og føraren hadde også på seg ein kniv.