Hopp til innhold

Byrådet fekk ikkje viljen sin om sundagshandel

​Venstre tok innersvingen på alle i spørsmålet om sundagsopne butikkar.

Søndagsåpent

DELT: Bystyret i Bergen er splitta i synet på sundagshandel.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Bergen bystyre

TJA TIL SUNDAGSHANDEL: Bystyrefleirtalet i Bergen meiner det må vera opp til kommunane å avgjera kva butikkar som får halda ope på sundagar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Byrådet i Bergen greidde ikkje å gje regjeringa draghjelp i kampen for å innføra ei generell opning for sundagsopne butikkar.

Bystyret enda i staden opp med eit ikkje akkurat rungande «tja», då bergenspolitikarane gav sitt høyringssvar til regjeringa.

Splitta Frp-gruppe

Ikkje ein gong heile bystyregruppa til Framstegspartiet stilte seg bak regjeringa og byrådet sitt primærstandpunkt om generell sundagshandel.

Det hadde Robert Monsen frå Høgre slettes ikkje sansen for. Han meinte debatten hadde spora av.

­­ – Her vil me gje butikkane fridom til å halda ope eller ikkje, og me vil gje dei som handlar fridom til å handla når dei vil. Det vert ikkje handleplikt på sundagar, sa høgrerepresentanten frå talarstolen i bystyresalen.

Nei-sida kom òg til kort

Erlend Horn

FEKK VILJEN SIN: Takka vera subsidiere røyster frå Høgre og Frp vann Erlend Horn og Venstre fram i bystyret.

Foto: Jo Straube / Venstre

Men også motstandarane av sundagshandel, med Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti i spissen, tapte voteringa i bystyret.

– Eg undrar meg på om dei som ønskjer sundagsopne butikkar ønskjer å flytta bystyremøta til sundag, eller kanskje berre det er dei andre som skal måtta jobba på sundagar, spurde Sondre Båtstrand frå Miljøpartiet dei grøne retorisk.

Også SV, Raudt, Senterpariet og Byluftlisten røysta som venta i mot sundagsopent.

Venstre vann fram

Til slutt var det forslaget som Venstre i utgangspunktet stod nesten åleine om, som fekk fleirtal i bystyret.

Partiet vil at ansvaret for å gje dispensasjon frå forbodet mot sundagshandel skal flyttast til kommunane. I dag er det staten som avgjer kva stadar som får status som turiststad, og dermed får halda ope på sundagar.

Fleirtalet vart sikra med nærmast knappast mogelege margin, fordi Høgre og Frp sine representantar støtta forslaget sekundært.

– Det synst eg er veldig gledeleg. Det er dette Venstre lenge har stått for nasjonalt, seier Erlend Horn frå Venstre.

Også Frp-avhopparen Morten Myksvoll, som møter som uavhengig, støtta forslaget til Venstre, etter først å ha røysta for sundagsope.

Vil ikkje opna kjøpesentera

Venstre tar til orde for at berre visse delar av Bergen kommune kan få halda ope sundagar, om kommunane endar opp med å få avgjera sjølv.

– Me meiner at det kan vera ein ide å opna Bergen sentrum for handel, medan kjøpesentera i randsona kan måtta halda steng, seier Horn.

Rebecca Ljosland

SKUFFA: Rebekka Ljosland er skuffa over at bystyret ikkje tar avstand frå meir sundagshandel.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er opp til Stortinget å avgjera om det skal opnast for sundagsopen varehandel, også nasjonalt kan Venstre komma til å få viljen sin.

– Skuffande

Rebekka Ljosland frå KrF såg på «tja» til sundagsopne butikkar som eit nederlag.

– For KrF er det avgjerande at alle, uansett i kva kommune ein bur i, bør få ha ein felles fridag. Me set vår lit til at Regjeringa lyttar til det elles unisone kravet frå kommunane, om å ikkje opna for sundagsopent, seier Ljosland.