Etne kommune vil spare 1,2 millonar kroner på å legge ned kjøkena på sjukeheimane i Skånevik og Etne, i følgje Haugesunds avis.
I staden for heimelaga og nylaga mat, vil kring 100 eldre i kommunen få ferdigmat frakta frå Bergen til middag.
81 år gamle Øystein Grønstad på Etne omsorgssenter likar ikkje forslaget. - Det er meiningslaust å skulle frakte mat frå Bergen for å skulle mette oss. Vi veit kva vi har, men er skeptiske til kva vi får, seier Grønstad.
Må spare 2 mill
Rådgjevar i kommunen Steinar Mjelde forklarer forslaget med at kommunen må spare 2 millionar i 2007. Å nytte seg av leveransar frå selskapet Bergen Matforsyning i staden for å drive sjukeheimskjøken er eit av hovudtiltaka.
Forslaget skal handsamast 21. februar. Grønstad håpar i det lengste og har lite til overs for forslaget om at dei skal få ferdigmat frå Bergen. - Maten er god som den er. Det er god mat, absolutt alt.