Ozzy Osbourne(56) og resten av orginalbesetninga i Black Sabbath er invitert til Bergen som ein del av 100-års-markeringa av unionsoppløysinga.
Det legendariske heavyrock-bandet spelar på Koengen i Bergen 9. juli.
Generalsekretæren i Indremisjonen har ikkje mykje til overs for at Norge 2005 har hyra inn Black Sabbath.
- Det er ikkje noko hyggeleg at dette bandet er invitert til Bergen i samband med feiringa av unionsoppløysinga, seier Hallråker.
Også andre kristne leiarar er kritiske til at Black Sabbath er invitert til Bergen, skriv Bergensavisen.
Biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæter. Foto: Marit Hommedal/SCANPIX
Halleråker seier han har respekt for at folk har ulik musikksmak, men tykkjer ikkje det han kallar djevelrock er rette måten å feire eit 100-års-jubileum på.
Også biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther seier at det er uheldig å kople denne type musikk opp mot unionsoppløysinga.
- Avviser kritikken
Tom Rasmussen som er assisterande direktør i selskapet Hundreårsmarkeringen, kjenner seg ikkje truffen av kritikken.
- Rock´n roll er definitivt eit av dei viktigaste kulturutrykka dei siste 100 åra. Black Sabbath har ein soleklar plass under ei slik markering, seier han.