Hopp til innhold

Fekk politikarane med på skjenkenekt på strippeklubbar

Kvinnegruppa Ottar har fått med seg politikarane i Bergen på å nekta skjenkeløyve til strippeklubbar. – Dei bidreg til ein seksualisert kultur som me ikkje synest noko om, seier Ottar-leiaren.

Striptease

SKJENKENEKT: Om Ap, KrF og SV får viljen sin, vil det ikkje vera mogleg å bestilla alkohol på byens einaste strippeklubb «After Dark» i framtida. ILLUSTRASJONSBILDE

Foto: Colourbox

– I botn og grunn er det moralisme som ligg til grunn for å eventuelt ikkje gi oss løyve. Det er ikkje noko nytt at dette kjem frå yttarste venstre, seier eigar av utestaden «After Dark», Geir Carlsen.

I går gjekk helse- og sosialkomiteen i Bergen inn for nytt skjenkereglement for kommunen, og kvinnegruppa Ottar hadde på førehand fått med seg eit fleirtal for å nekte strippeklubbar i byen skjenkeløyve.

Ap og KrF gjekk saman med Sosialistisk Venstreparti i saka.

Ottar

SIGER: Anna Blekastad Watson og Sunniva Schultze-Florey i kvinnegruppa Ottar er fornøgde med at Bergen ser ut til å nekta skjenkeløve til strippeklubben «After Dark.»

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Seksualisert kultur

– Strippeklubben bidreg til ein seksualisert kultur som me ikkje synest noko om. Ved å trekka skjenkeløyve er det større sjanse for at strippeklubben stenger, eller at det blir tryggare for dei tilsette når det er mindre alkohol, seier Anna Blekastad Watson i Ottar.

Bakgrunnen for forslaget er ein dom frå november i Gulating lagmannsrett, som konkluderte med at Sandnes kommunen handla innanfor loven når dei nekta strippeklubben «Money Talks» i Sandnes skjenkeløve.

– Med denne dommen er det klart at kommunen kan utøva skjønn når ein skal dela ut skjenkeløyve, seier Watson.

Strippeklubbeigar Carlsen er derimot ikkje einig i at jussen er så klar.

– For å ikkje gje oss løve så må det alkoholpolitiske grunngjevingar til, rein moralsk argumentasjon for å nekta oss er ulovleg, meiner Carlsen.

Skal skjerma barn og unge

I det nye tilleggsforslaget til skjenkereglane står det at strippeklubbar også kan verka uheldig for barn og unge si oppleving av bylivet.

Carlsen meiner klubben hans ikkje er til sjenanse for noko.

– Me har drive klubben i seks år, og endå ikkje fått klager på at me er til sjenanse for barn og unge. Me opnar klokka 22.00 om kvelden, me har ingen plakatar ute med støytande innhald. Klubben ligg inne i eit lite smaug og er ikkje til bry for nokon.

– Betyr dette forslaget kroken på døra?

–Det veit me ikkje endå, men der ser dårleg ut akkurat no, seier Carlsen.

Geir Karlsen

Eigar av strippeklubben«After Dark, Geir Carlsen.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Dette er ikkje feminisme

Frp reagerer sterkt på forslaget.

– Eg synest ein skal behandla stader likt. Å driva næringspolitikk på bakgrunn av moralisme i Noregs nest største by synest eg er uheldig, seier Silje Hjemdal (Frp).

På komitemøte inviterte Carlsen politikarane til å snakka med artistane.

– Kom opp på klubben i kveld, så kan de spørja artistane om kva dei synast om feminisme, og at andre skal bestemme om ein skal visa fram kroppen sin eller ikkje, seier Carlsen.

Det blir opp til bystyret å avgjerda framtida til klubben i midten av juni.