Hopp til innhold

Nederlandsk ving klar for Brann

Brann signerer den nederlandske kantspelaren Ludcinio Marengo (25) i tolvte time.

Ludcinio Marengo

KLAR FOR BRANN: Ludcinio Marengo kjem gratis frå ADO den Haag.

Foto: brann.no

Seint onsdag kveld stadfestar Brann at overgangen er i boks.

25-åringen signerer på ein permanent avtale og bind seg til Brann ut juni 2019. Marengo er tidlegare lagkamerat med Brann-kaptein Vito Wormgoor.

Sportssjef Rune Soltvedt gler seg over å få avtalen i hamn.

– Med dei skadeproblema Braaten og Vega har hatt, har me sett etter ein kantspelar med fart som kan utfordra éin mot éin. Me håpar Marengo skal bli ein fin tilvekst for oss, seier Soltvedt, som seier Brann har fylgt spelaren over tid.

Wormgoor avgjerande

Brann har fylgt Marengo over tid, og brukt lagkaptein Vito Wormgoor som referanse, ifølgje sportssjefen. Den 25 år gamle vingen kjem frå æresdivisjonsklubben ADO den Haag, men har i vårsesongen vore på utlån hjå Go Ahead Eagles.

Marengo gjennomførte medisinsk sjekk onsdag kveld.

– Eg gler meg til å spela for Brann. Vito har fortalt meg om denne flotte klubben og vakre Bergen. At Vito er her betydde mykje då eg skulle ta ei avgjerd, seier Ludcinio Marengo til Brann.no.

Ifølgje den nederlandske nettsida Voetbalzone betalar Brann 42 500 euro, eller drygt 400.000 kroner for Marengo.

Steffen Lie Skålevik

TIL START: Steffen Lie Skålevik går på lån til Start ut sesongen.

Foto: NRK

Mohn-hjelp

Brann melder sjølv at Trond Mohn har bidrege til overgangen. Velgjeraren var også delaktig i prosessen med å få Taijo Teniste til klubben.

Sportssjefen seier at hovudmålet til klubben i dette overgangsvindauget har vore å halda på dei spelarane ein har. Soltvedt stadfestar det har vore interesse for fleire av dei mest sentrale Brann-spelarane.

– Me ser jo at det har blitt spekulert ein del i det. Biletet har endra seg etter at me ikkje lenger er med i Europa og cupen, så me vurderte det dit hen at me kunne ta ut ein av spissane. Og Steffen hadde eit ynskjer om å spela meir, seier Soltvedt.

Skålevik blir lånt ut

For omtrent samstundes som Brann offentleggjorde nysigneringa, stadfesta klubben at Steffen Lie Skålevik blir lånt ut til Start. Avtalen gjeld ut 2017.

– Eg er i ein alder der eg treng speletid. I Start er det mykje bra på gang, dei speler same formasjon som Brann og eg vil få speletid, seier han til Brann.no

Fleire medium spekulerte onsdag kveld i om Deyver Vega var på veg på utlån til Start. BA skreiv at ein låneavtale næraste var klar, men at overgangen gjekk i vasken då Brann ikkje klarte signera endå ein ny spelar i tolvte time.

– Ofte er det berre spekulasjonar, andre gongar er det meir hold i det, seier ein kryptisk Soltvedt, som stadfestar at det var hektisk telefonaktivitet i timane før overgangsvindauga stengde natt til torsdag.

Piotr Leciejewski forlenger med Brann

NY KONTRAKT: Piotr Leciejewski signerte ny kontrakt med Brann i vinter. Den polske toppserieklubben Zaglebie Lubin har lagt inn fleire bod på spelaren i sommar, men Brann har avslått alle.

Foto: Bernt-Erik Haaland / Brann.no

Leciejewski blir i Brann

– Me har vurdert og sett etter mange spelarar, men det har vore avgrensingar reint økonomisk, seier sportssjefen.

Brann har i sommar motteke fleire bod på Piotr Leciejewski, men den polske målvakta som signerte ny kontrakt i vinter, blir no i Bergen.

– Kjem det rette bodet vil ein vurdera det, men her har det ikkje vore i nærleiken ein gong.